Sesongavslutning

Bli med på ein forrykande sesongavslutningshelg hjå oss! Myrkdalen Fjellheisar har siste opningsdag 1. mai og me feirar langhelga med gode tilbod på Myrkdalen Hotel, gratiskonsertar, park-arrangementet Open Klasse og mykje moro.

Tilbod Myrkdalen Hotel
Pris frå kr 695,- per person i dobbeltrom inkludert frukost. Les meir og bestill tilbodet her

Denne helga blir det god stemning i bakken med park-arrangementet Open Klasse, gratiskonsertar med Vazelina Bilopphøggers, Kjartan Lauritzen og Halie. Kom og feir ein lang og innhaldsrik vintersesong med oss! 

Vazelina Bilopphøggers - 28. april kl. 17.30
Rock-a-Doodle! Me går for gull og topp stemning når dei stilige karane frå Toten entrar scena 28. april.Etter å ha fått terningkast 5 under Øyafestivalen i sommar, er Vazelina i vinden som aldri før. Dette blir eit triveleg møte med nasjonale musikkskattar, midt i blinken for heile familien. Gratis utekonsert- alle er velkomne! 

Kjartan Lauritzen - 29. april kl. 17.30
Me gledar oss stort til at den unge rapparen frå Balestrand er tilbake på scena 29. april. Det blir tredje år på rad Kjartan held konsert for oss. Sidan sist har han blitt endå varmare i trøya og låtane «Havanna» og «Fredag» har begge over to millioner avspelingar på Spotify. Gratis utekonsert - alle er velkomne!

Halie - 30. april kl. 17.30
Gå ikkje glipp av konserten med stjerneskotet Halie 30. april. Med sine unge 16 år har Halie ei fantastisk stemme som bles dei fleste av banen. Gratis utekonsert - alle er velkomne! 

Gratis bussar tur/retur Voss
28. april
Frå Voss Stasjon kl. 08.30 / 10.00 / 14.40
Frå Myrkdalen kl.15.40 / 21.00

29. april
Frå Voss Stasjon kl. 08.30 / 10.00 / 14.40
Frå Myrkdalen kl. 15.40 / 21.00

30. april
Frå Voss Stasjon kl. 10.00 
Frå Myrkdalen kl. 21.00

Open Klasse
Open Klasse inviterer til kreativ moro i leikent vestlandsterreng. Ta med ski, snøbrett og gul smurning og set punktum for sesongen i Noregs beste vårpark, saman med fleire av verdas største jibbeprofilar!

Arrangementet er for alle med interesse for hopp og rails, samt ski og brettkjøring i kupert terreng. Dette er den ultimate sesongavslutninga for jibbarar, frikøyrarar og snowboardarar, der både nybyrjarar og vidarekomne får køyra Noregs morosamste vårpark saman med fleire av verdas beste akrobatar på snø.