Ski boogie og 80-talsfest
Finn fram skiklede frå det glade 80-talet! Det vert ein full dag med 80-talet i fokus.
Her vert det skikonkurransar i bakken med premieutdeling på Pudder. Konsert med Miami Vice Machine i tråkkemaskingarasjen. DJ Lars Finborud spelar opp gamle gode slagarar.
Konsert med Miami Vice Machine
Tradisjon tru kjem Miami Vice Machine til Myrkdalen og lagar årets beste afterski i tråkkemaskingarasjen. Miami Vice Machine er kanskje det råaste 80-tals coverbandet i Norge. Her vert du tatt tilbake til tida med puddelrock, sterke fargar og fengande synthesizer tonar som garantert får det til å rykkja i dansefoten.
DJ Lars Finborud
Platesnurrar og vossing Lars Finborud har sørga for livlege dansegolv i vestlandsregionen i snart 15 år. Han lovar å blanda saftige godbitar med pop, funk, disco og house til ei groovy betasuppe utover natta!
Praktisk info:
- Dørene opnar kl. 18.00 i tråkkemaskingarasjen
- Konsert frå kl. 19.00
- DJ til kl 01.00
- Aldergrense: 18 år, eigen bar for dei over 20 år
Det tek ca 7 minutt å gå til tråkkemaskingarasjen frå Myrkdalen Hotel.
Det vert ingen nattklubb på Pudder denne dagen.
Me gler oss til å sjå dykk!