Ski & Golf

Voss Golfklubb har gleda av å invitera for andre gong til uoffisiellt noregsmeisterskap i ski & golf på Voss 25. - 27. mai. Når det er vår nede i Vossabygda ligg snøen framleis i Myrkdalen. Bli med og nyt begge årstider!

PROGRAM

25. mai
- Innspel på VGK sin golfbane på Nedkvitne i løpet av ettermiddagen.
- Frammøte og middag på Myrkdalen Hotel kl. 20.00, info og utdeling av deltakarpakke.

26. mai
- Konkurranse i storslalåm i Myrkdalen. 1 prøverunde og 1 tellande runde. Start kl. 11.00.
- Premiutdeling etter dagens konkurranse med middag på Myrkdalen Hotel kl. 20.00.                                                                                                                   
27. mai
- 18 hulls golfrunde på VGK sin bane på Nedkvitne.  Start kl. 10.00.                           
- Premiutdeling og matservering etter golf. Resultat ski / golf, samt lagkonkurranse.

KONKURRANSEKLASSAR

1. Junior dame / herre født 1997 eller seinare
2. Dame / herre født 1996 - 1968
3. Senior dame / herre født 1967 eller tidlegare
4. Lagkonkurranse med 4 personar på kvart lag (junior, dame og herre)

NB! Om mindre enn 5 stk er påmeldt i ein klasse blir denne slått saman med anna klasse.

PRISAR

1. kr 4.300,- inkl. 2 netter på Myrkdalen Hotel m. frukost og middag, heiskort, greenfee for innspel, turnering, startkontigentar og lunsj med premieutdeling
2. kr 3.850,- inkl. overnatting for medlemmar i Voss Golfklubb m. fritt spel
3. kr 2.610,- utan overnatting inkl. heiskort, greenfee, startkont. og 2 middagar                   
4. kr 2.160,- utan overnatting for medlemmar i Voss Golfklubb m. fritt spel             
5. kr 2.600,- for ledsagarar som ikkje deltek i konkurranse inkl. overnatting

Påmelding i GolfBox innan 30. april 2018
Innbetaling av deltakarkontigent til VGK konto nr: 3480.14.79636
Sjå også Ski & Golf si heimeside: www.skigolfnm.wordpress.com

KONTAKTPERSONAR FOR MEIR INFORMASJON

Hallstein Finne - [email protected]  - 918 78 956         
Egil Østvik  - [email protected] - 907 73 811         
Torkjell Eskeland - [email protected] - 913 14 774
Rune Arnøy - [email protected] - 482 11 353