Ski heile året - Myrkdalen, Voss Resort og Fonna
Det siste kortet me tilbyr er for deg som likar variasjon!
"Ski heile året" - kortet gjeld i Myrkdalen vinter og sommar, Voss Resort i vintersesongen 2021 / 2022 og FONNA Glacier Ski Resort sommaren 2022 (15.mai - 25.august).
Merknad: Dette kortet gjeld ikkje Voss Gondol sommaren 2022
Prisar
Kr 7200,- per person
Prisen er lik for vaksne og born
Born under 7 år er gratis i alle anlegga
Kjøp her "Ski heile året"-kort
REFUSJON "SKI HEILE ÅRET-KORT" VED COVID-19 ELLER ANNA PANDEMI
For dei som kjøper "Ski heile året"-kort gjev me garanti for refusjon dersom skianlegga mot formodning skulle koma opp i ein situasjon der anlegga må stenga ned store delar av sesongen grunna Covid -19 eller anna pandemi.
Fylgjande refusjonsordning gjeld ved Covid-19 eller anna pandemi for "Ski heile året"-kortet. Antal opningsdagar gjeld totalt for alle skianlegga.
Antal opningsdagar | Refusjon av betalt heiskortpris |
< 100 dagar | 20 % |
< 75 dagar | 40 % |
< 50 dagar | 60 % |
< 25 dagar | 80 % |
Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort ved dårlig vær, tåke, snø, ising, teknisk feil eller liknande.