"Ski heile året" - Myrkdalen, Voss Resort og Fonna

"Ski heile året" - kortet gjeld i Myrkdalen vinter og sommar, Voss Resort i vintersesongen 2020 / 2021 og FONNA Glacier Ski Resort sommaren 2021 (15.mai - 25.august). Sal av "Ski heile året"-kortet byrjar 15. september!

  • Vinter

PRIS
Kr 6990,- per person
Prisen er lik for vaksne og born
Born under 7 år er gratis i alle anlegga

Sal av "Ski heile året"-kortet byrjar 15. september kl 12.00. Totalt 200 kort - fyrstemann til mølla!

Kortet gjeld frå fyrste anlegg opnar til siste anlegg stengjer.
Merknad: Dette kortet gjeld ikkje Voss Gondol sommaren 2021

REFUSJON "SKI HEILE ÅRET-KORT" VED COVID-19 ELLER ANNA PANDEMI
For dei som kjøper "Ski heile året"-kort gjev me garanti for refusjon dersom skianlegga mot formodning skulle koma opp i ein situasjon der anlegget må stenga ned store delar av sesongen grunna Covid -19 eller anna pandemi.

Fylgjande refusjonsordning gjeld ved Covid-19 eller anna pandemi for "Ski heile året"-kortet. Antal opningsdagar gjeld totalt for alle skianlegga.

< 100 opningsdagar = 20 % refusjon av betalt heiskort
< 75 opningsdagar = 40 % refusjon av betalt heiskort
< 50 opningsdagar = 60 % refusjon av betalt heiskort
< 25 opningsdagar = 80 % refusjon av betalt heiskort

Det blir ikkje gitt refusjon på heiskort ved dårlig vær, tåke, snø, ising, teknisk feil eller liknande.