Skibuss

Grunna stor pågang på buss i helger, ynskjer me at ein melder seg på skibussen i forkant slik at me har nok bussar som går på laurdag og søndag. 

Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo. Det tek ca. 40 minutt med buss frå Voss Stasjon til Myrkdalen. Gratis skibuss går frå busslomma framfor Voss Kulturhus, vis-à-vis Voss Busstasjon. Skyss sine bussar går frå plattform B / C.

Alle avgangar opereres av Tide Buss AS. Bussane er merka anten Tide eller Skyss.


Gruppebestilling

NB! Grupper over 10 personar må melda frå til post@myrkdalen.no.