Skiorientering

Orienteringsgruppa til Gular har sett opp ei kort og enkel løype med ti postar i langrennsløypene i Årmotslia og ei lenger løype med 5 ekstra postar oppover dalen.

  • Påskeferie
  • Mars
  • Enkel
  • Familie

Dette er ein kjekk aktivitet for barnefamiliar som gjer langrennsturen meir spanande. Ved hjelp av kart leitar du deg fram til postane som er plassert i Årmotslia. Kart får i Myrkdalsstovo 1etg. (kr 50) og start/slutt på løypa er ved skibrua over RV13.

De kan velgja mellom ei enkel løype med ti postar eller ei forlenging av denne løypa, med fem ekstra postar som er litt meir krevjande.

På kvar post er det ein bokstav, som du set saman til eit løysingsord/setning. Lever løysingsordet i postkassa i Myrkdalsstovo 1etg. og bli med i trekninga av midtvekeopphald for 2 personar (2 netter på hotell inkludert frukost og heiskort)