Sport1 SkiSeksa

Vår sportsbutikk dedikerer ei helg til kompetanse på ski! 6. - 7. januar 2018 kan du få med deg:

Skiundervisning for vaksne
teknikk-kurs i frikøyring til 150 kr, teknikk-kurs i alpint og innføring i bruk av skredutstyr til kun 100 kr per per person. Fyrstemann til mølla!

Skiundervisning for born og ungdom
for kun 100 / 150 kr per person! Skiskulen tilbyr gruppeundervisning i mange ulike kategoriar både laurdag og sundag. Fyrstemann til mølla!

Skidemo
med Åsnes, Vølkl, Salomon, Nordica, Støckli, Atomic og Stereo.

Gode tilbod
i Myrkdalen Sport & Skiutleige

Salsmesse
på Myrkdalen Hotel med varer frå m.a. Kari Traa, Bula, Bjørn Dæhlie, Ortovox og Bergans

Tre ulike foredrag laurdag 6. januar
Kl. 16.00 – Varsom.no
Kl. 17.00 – "Skredtryggleik i ei digital verd": Dingo Light
Kl. 17.45 – Dette foredraget blir annonsert innan kort tid

Skredtryggleik i ei digital verd
Topptur som aktivitet og sport har auka svært mykje dei siste åra, men diverre har også tala for menneske som har blitt teke av skred auka nesten like mykje. Det har skjedd mykje med teknologi og produktutvikling relatert til skred og topptur, men det meste er fokusert på tida etter at ein skikøyrar er teke av skredet. Det me, som skikøyrarar, treng er løysingar som kan kombinera alt sensorteknologi kan måla av eigne aktivitetar kobla med detaljert og ‘on-the-go’ informasjon om omgjevnadene (naturen), ‘live’ data som kan hjelpa kvar einskild å unngå skredfarlige situasjonar. Derfor utviklar me, eit lite startupselskap av skikøyrarar og tekno-entusiastar, Dingo-serien. 

Foredraga er gratis

Overnatting
Skihelg med halvpensjon og heiskort: Pris frå kr 3420 per person, i dobbeltrom på Myrkdalen Hotel frå fredag til sundag, inkludert 2-dagar heiskort, 3-rettars middag fredag og laurdag og frukost laurdag og sundag