Carvingteknikk

SkiSeksa – helga du ikkje bør gå glipp av

I skrivande stund lavar snøen ned, og fyrstkomande helg, 8.-9. januar, brakar det laus med SkiSeksa i Myrkdalen. Dette er for deg som ynskjer å testa det nye innan skiutstyr og nytta deg av gode tilbod.

Det vert også arrangert ulike kurs til særs gode prisar denne helga, og sportsbutikkane har flust med gode tilbod. Ikkje gå glipp av dette!

 

skiseksa

 

Laurdag og sundag vert det full aktivitet i Myrkdalen når skiskulen og Myrkdalen Sport & skitutleige dreg i gong årets SkiSeksa til glede for alle vinterentusiastar!

 

Det nyaste innan skiutstyr

Om du drøymer om nytt skiutstyr i år, får du no sjansen til å testa nye skimodellar frå Vølkl, Åsnes, Støckli, Nordica, Kastle, Movement og Black Crows. Kanskje får du også nokre tips og råd frå ekspertane?

Du møter dei iallfall på oppsida av Myrkdalen Hotel både laurdag og sundag kl. 10-15.

 

20-60% på alle varer i sportsbutikkane

Både Myrkdalen BrandStore og Sport1 Myrkdalen slår på stortromma og gjev deg 20-60% rabatt på absolutt alle varer i butikkane! Her finn du klede, tilbehøyr og sportsutstyr frå kjende merkevarer: Dæhlie, Kari Traa, Sweet Protection, Johaug, Åsnes, Bula, AKSEL, Norrøna, Arcteryx, Oakley, Hestra og Moon Boot.

Fredag og laurdag er butikkane opne til kl. 18. ope til 1800
Sundag til kl. 17.

 

Kjekke, lærerike skikurs

Denne helga er det også ekstra hyggelege prisar på ulike skikurs. Anten du vil prøva deg offpiste og læra god frikøyringsteknikk eller ynskjer å få betre flyt i løypene, tilbyr skiskulen kurs på ulike nivå, til både vaksne, born og ungdomar.

Kurs for vaksne – Frå kr 200,-

  • Freeride teknikkurs: Nybyrjar
  • Freeride teknikkurs: Vidarekomen
  • Alpint teknikkurs: Nybyrjar
  • Alpint teknikkurs: Avansert

Les meir og book kurs for vaksne innan fredag 7. januar kl. 14

 

Kurs for born og ungdom – Frå kr 200,-

  • Snowboard: Nybyrjar 6 - 9 år
  • Snowboard: Nybyrjar 10 - 13 år
  • Snowboard: Nybyrjar 14+ år
  • Alpint: Vidarekomne 6 - 9 år
  • Alpint: Vidarekomne 10 - 13 år
  • Frikøyring: 10 - 16 år
  • Park Junior: 6-9 år
  • Park Innføring - Frå 10 år og oppover

Les meir og book kurs for born og ungdom innan fredag 7. januar kl. 14

Er du i siste liten og ynskjer du å booka kurs etter fristen, kan du ta kontakt med skiskulen: +47 40 44 86 86 | skiskule@myrkdalen.no.

Velkomen til ei aktivitetsrik helg i Myrkdalen!