SkiSeksa - Skiundervisning for born og ungdom

6. og 7. januar arrangerer Myrkdalen Skiskule og Myrkdalen Sport & Skiutleige "SkiSeksa" i Myrkdalen! Start det nye året med kjekke og lærerike kurs for born og ungdom til kun kr 250 kr per person!

Du kan melda deg på følgjande kurs:

 

1. Snowboard: Nybyrjar 6 - 9 år

2. Snowboard: Nybyrjar 10 + år


 

I snowboard nybyrjar-kursa våre lærer ein å stoppa og

å svinga. Passar best for dei som ikkje har prøvd å stå noko særleg på

snowboard før.

Kursa varar i 1 time og 40 minutt

 

3. Alpint: Nybyrjar 6-9 år

 

Alpint nybyrjar-kursa våre lærer ein å ploga, stoppa og svinga. Passar best for dei som ikkje har stått noko særleg på ski før. Kurset varar i 1 time og 40 minutt.

 

4. Alpint: Lett øva 6 - 9 år 

5. Alpint: Lett øva 10 - 13 år

 

I alpint Lett Øva-kursa har ein fokus på å stå riktig

over skia, bruka terrenget til læring, balanse og sikker skikøyring. For å gå

på dette kurset må ein meistra ploging og ta tallerkenheisen. Kursa varar i 1

time og 40 minutt. 

OBS. Lett Øva-kursa er ikkje egna for born som

allereie mestrar blå og raude løypar og kjørar med parallelle ski. 

 

6. Alpint: Vidarekomne 6 - 9 år

7. Alpint: Vidarekomne 10 - 13 år

 

Her vil ein ha fokus på å mestre brattare og lengre

løyper med fartskontroll riktig teknikk. På dette kurset tek me stolheisen opp

og køyrer såleis lengre løyper under kurset. 

 

8. Park Junior: 6-9 år

9. Park Innføring - frå 10 år og oppover

 

Bli med ein jibbar, lær nye triks og korleis du kan

bruka parken på ein god måte! Park Junior er for 6 - 9 år. Innføring Park er

for alle over 10 år - ungdom og vaksne. 

 

UTSTYR, HEISKORT OG OPPMØTE

Alle deltakarar må ha med eige utstyr, eller ein kan

leiga det hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. Ein må også ha heiskort som er

gyldig i perioden ein har instruksjon. Born under 7 år køyrer gratis i

anlegget, men merk at dei må ha eige KeyCard. 

 

Me tilrår å kjøpa heiskort på nett. Lad opp ditt

Skidata Key Card, så er du klar til å gå rett i heisen.

 

Oppmøte for alle kursa er ved møteplassen til

Skiskulen på Torget utanfor Myrkdalsstovo. Ver venleg å stå klar ved

møteplassen 5 minutt før kurset ditt startar og ta med bestillingsbekreftelsen

din. 

 


Phone: +4747471600