Myrkdalen Fjellandsby er stengt til 13. april

Oppdatering per 25. mars
Voss herad har i dag forlenga pålegget om stenging av skisenteret og alle overnattingseiningar til 13. april 

Skisenteret er stengt til 13. april
Voss herad har i dag forlenga pålegget om stenging av skisenteret til 13. april. Dette er ei beslutning me har forståing for. Me ber om at gjester ikkje kontaktar oss per telefon, ver venleg å henvend dykk til [email protected]. Fyrste prioritet for oss er å kontakta gjester med ankomst i nær framtid.

All overnatting i Myrkdalen Fjellandsby er stengt til 13. april
All overnatting i Myrkdalen Fjellandsby stengt til 13. april. Har du spøsmål vedrørande bestillingar, ver venleg å henvend dykk til [email protected]. Me svarar så fort me kan, men ber dykk visa tolmod i denne situasjonen.

Tid for dugnad og solidaritet - hald dykk heime
Voss er ein stor hyttekommune. Det klare rådet frå Helsedirektoratet er å ikkje dra på fritidsreiser, dette inkluderer å reisa på hytta.

- For Voss herad er hytteeigarar og deltidsinnbyggjarar svært verdifulle, men i den situasjonen me er i no, ynskjer me ikkje besøk. Dette for å minimera smittespreiing og for å kunna ta i vare innbyggjarane våre. Også i ein hyttekommune gjeld fylgjande: Å ta vare på kvarandre, er å vera mindre saman. Det er med andre ord ikkje tida for å reisa på kryss og tvers innlands, eller å gjennomføra turar til utlandet. Det er her solidariteten kjem inn. Det er no me har sjansen til å sikra kraftig bremsing av smittespreiinga, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb. Les meir på Voss Herad sine sider. 

Langrennsløyper
Langrennsløypene blir ikkje trakka meir på ubestemt tid. 

Alle bussar 
Skibuss og kveldsbuss fredag kl 18.30 og 21.20 er kansellert til 13. april.
Buss mellom Myrkdalen - Gudvangen - Flåm er kansellert på ubestemt tid. 

Eigedomsvisning 
Eigedomsvisningar i Myrkdalen Fjellandsby er kansellert på ubestemt tid. Ta gjerne kontakt med våre eigedomsmeklarar dersom de ynskjer informasjon om prosjekta våre, så avtalar dei gjerne eit telefonmøte eller skype-møte med dykk. 

Me beklagar ulempene denne situasjonen gjev alle våre gjester.