Barnevenlege Myrkdalen

Barneområdet vårt ligg i sjølve basen av skisenteret, rett ved sida av Myrkdalsstovo med enkel tilkomst frå parkering og hotell. Området består av to tallerkentrekk, eit saktegåande rulleband for dei aller minste og fire varierte grøne løyper. I helger og feriar gjennom vintersesongen har me mange aktivitetar og arrangement for born og unge.

Det er leikande lett å ta familien med på ski hjå oss! Barneområde ligg tett på parkering og alle fasilitetar. 

Badnabakken vår er rett og slett ein perfekt plass å læra å stå på ski:
- Brei og oversikteleg bakke
- Saktegåande rulleband
- To tallerkentrekk
- Morosame skogsløyper
- Enkel parkering
- Tett på velkomstsenter, skiskule, skiutleige, servering og hotell med leikerom
- Kjekke aktivitetar og arrangement
- Reveparken: enkle og leikne parkelement for born og nybyrjarar

Barnerenn kl. 12.00 kvar helg og i feriar
Barnerenn i Badnabakken kvar laurdag og sundag frå 15. desember! Påmelding ved heisbua frå kl. 11.30. Alle deltakarar køyrer med startnummer og får premie.
Datoar for barnerenn i feriar:
Juleferie:   26. - 31. desember
Vinterferie:    11. februar - 10. mars
Påskeferie:     13. - 21. april

Reveklubben kl. 16.00 - 17.30 i feriar
Gratis aktivitetstilbod for småbarnsfamiliar på Myrkdalen Hotel. Me teiknar, leikar og lagar kreative ting saman.
Datoar for Reveklubben i feriar:
Juleferie:       26. - 28 & 30. desember 
Vinterferie:    11. februar - 7. mars
Påskeferie:     15. - 21. april

Skiundervisning for born
Du kan bestilla skiundervisning til borna kvar dag hjå skiskulen. La våre kunnskapsrike og barnevenlege skilærarar leggja grunnlaget for meistring og ekte skiglede!

Mikkel og Mikkeline
Maskotane gler seg til å leika med oss!
Juletrefest: 15. desember 2018
Vinterverkstad: 2. februar 2019
Barnefestival: 8. - 10. mars 2019
Påskemoro: 18. april 2019