Sesongkort til born i familiar med låg inntekt:
Me ynskjer at flest mogleg born skal få oppleva skigleda, og tilbyr sesongkort til redusert pris (kr 2200,-). Dette tilbodet er retta mot born og ungdom i alderen 7-18 år busett i Voss herad, som veks opp i familiar med samla brutto inntekt under kr 450 000,-.
For meir info kontakt Gro Hånes Lund: gro.lund@myrkdalen.no / 971 74 006.
Merk deg:
- Valfrie skikort vert trekt ein dag på kveldskøyring dersom skikortet ikkje har vorte nytta tidlegare på dagen.
- Born under 7 år køyrer gratis ved bruk av hjelm, men merk at dei må ha eige Key Card.
- Skikort er kun gyldig den sesongen dei vert kjøpt. Til dømes – restturar på eit klippekort kan ikkje nyttast neste sesong.
- Grupper på over 20 personar kan få rabatt ved ein transaksjon. Det vil seie samla oppgjer og førehandstinging til post@myrkdalen.no
- Billettar som ikkje blir brukt pga dårleg ver, føre eller teknisk feil som straumbrot, etc. vert ikkje refundert.
- Heiskort er personleg og kan ikkje overdragast til andre.
- Mista heiskort vert ikkje erstatta.
- Ved misbruk eller brot på dei alpine løypereglane blir kortet inndratt.
- 40% rabatt på dagskort for studentar og vernepliktige kvar dag. Gjeld studentar/vernepliktige over 18 år. Mot framsyning av studentbevis og betalt semesteravift eller verneplikt id-kort i billettluka.
- Dagar med studentrabatt kan bli endra dersom det vert restriksjonar på kapasitet grunna til dømes pandemi.
- Kveld er inkludert i fleirdagarskort.