Langrenn i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Langrenn i Myrkdalen

Mange forbind nok Myrkdalen med nypreppa alpinbakkar, gode barneområde og fantastiske frikøyringsforhold. Langrenn i Myrkdalen er ikkje like kjent.

Visste du at det er både lysløype og til saman om lag 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen?

 

Langrenn i Myrkdalen

 

Langrenn for alle i Myrkdalen

Anten du bur på Myrkdalen Hotel eller i hytte eller leilegheit kan du ta på deg langrennsskia rett utanfor døra. Etter at skibrua over riksvegen ved Helgatun opna i 2019 treng du ikkje ta dei av deg igjen før du er heime att.

Langrennsløypene i Myrkdalen er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski. 

Etter skibrua kjem du først til Årmotslia skiarena. I mange tiår har den 5 kilometer lange rundløypa vore som ein andre heim for Myrkdølene på vinteren, med langrenns- og skiskyttartrening på kveldane og konkurransar i helgene.

Den kuperte løypa passar fint for både treningsentusiasten og barnefamiliar som vil ha turkjensla med skileik og varm kakao. 

Går du på kveldstid er heile løypa i hovudsak opplyst, men det kan vera lurt å ha ei hovudlykt i bakhand.

Fire kvinner går på langrenn i løypenettverket til Myrkdalen

 

30 km samanhengande løypenettverk 

Ynskjer du ein lengre tur kan du gå løypa vidare opp mot Revhaugen og Kvanndalen Rundt som er ca. 16 km tur/retur.

Går du Kvanndalen Rundt går du meir eller mindre frå støl til støl. Først kjem du til Bygdastølen, der ein kan velje å gå vidare mot stølen Revhaugen. Derifrå går løypa innover til Kvanndalen, vidare mot Steinset og ned att via Tjørnarhovden og tilbake til Revhaugen.  

Frå Bygdastølen kan du også velja løypa nedover Bygdadalen som gjev utsikt mot dalen til den endar opp ved Myrkdalsvatnet. På ettermiddagen kan du få skyss med skibussen tilbake til hotellet, eller du kan gå same tur tilbake.  

Kart over løypenettverket i Årmotslia 

Dei ulike fargekodane på løypekartet viser til når det sist vart trakka:  

Lysegrønt: Mindre enn 3 timar sidan
Mørkegrønt: I dag, meir enn 6 timar sidan
Blå: I går
Lilla: To dagar sidan
Oransje: 3-15 dagar sidan
Raud: 15 - 30 dagar sidan
Svart: Meir enn 30 dagar sidan