Sportsbutikkar, sykkel- & skiutleige
Velkomen til to sportsbutikkar, ski- og sykkelutleige i Myrkdalen. Myrkdalen BrandStore og Sport1 Myrkdalen tilbyr alt du treng til ein aktiv kvardag!
Sport1 Myrkdalen og sykkelutleige
Du finn oss i bygget Torggarden, vis-à-vis Myrkdalen Hotel. Her får du kjøpt gode fritidsklede, skiutstyr, sykkelklede, hjelmar, kart, kompass m.m. Spør oss gjerne om gode råd og turtips i Myrkdalen!
Opningstider sommar 2022
17. juni - 4. september
Kvar dag kl. 10:00 - 16:00
Skiutleige

I vintersesongen har Sport1 Myrkdalen eit stort utval av skiutstyr til leige for både born og vaksne. Hjelm får du låna gratis når du leiger utstyr.
Du kan leiga:
- Alpinutstyr
- Snowboard
- Langrenn (skøyteski, felleski, fjellski/turski)
- Barnepulk
- Toppturutstyr
Fordelen med å leiga ski eller snowboard er at utstyret er nyslipt og preparert. Med godt utstyr får du maksimalt ut av skiferien din i Myrkdalen!
Kompetanse i høgsetet
Me gjer gode råd og finn utstyret som passar akkurat deg. Hjå oss får du alt du treng innan alpint, fjellski, randonne og langrenn. Du vel sjølv om du vil leiga eller kjøpa.
Verkstad
Har du eige utstyr? Hugs at skigleda er mykje større når utstyret er i god stand. Me fiksar skarpe kantar og god glid! Med vår nye slipeautomat frå Wintersteiger får du garantert perfekt såle og knallgode kantar. Discovery modellen er av beste kvalitet på marknaden og einaste i sitt slag på Vestland. Les meir om slipeautomaten vår
Myrkdalen BrandStore
I fyrste etasje i Kamben, vegg i vegg med Kamben Kafé & Bar ligg Myrkdalen BrandStore.
Butikken frontar merkevarene til Active Brands, som er eit leiande norsk merkevarehus innan sport- og friluftsmarknaden.
Hjå oss finn du Dæhlie, Kari Traa, Sweet Protection, Johaug, Åsnes, Bula og Vossatassar.
Velkommen innom for ein hyggeleg handel!
Opningstider Myrkdalen BrandStore sommar 2022
Kvar dag frå 24. juni kl. 12:00 - 17:00