Pudder i Myrkdalen

Opningstider

Fjellheisane

Ope kvar dag frå kl. 09.30 – 16.00.

Kveldskøyring i Landsbybakken og Badnabakken
Onsdag, fredag og laurdag: Kl 16.00 - 20.00. I vinterferievekene 7, 8 og 9 vert det kveldskøyring kvar dag.

Skal du ta skibussen? 
Grunna stor pågang på buss i helger, ynskjer me at ein melder seg på skibussen i forkant slik at me har nok bussar som går på laurdag og søndag. Meld deg på her.

Sjå opne løyper og webkamera

Les også Ta med borna på ein aktiv skiferie
Aktiv ferie

Løypekart

Myrkdalen Løypekart 2021 - 2022

Myrkdalen har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løype og herleg off-piste terreng. Skisenteret har totalt ni heisar fordelt på to 6-setars ekspressheisar, tre t-krokheisar, tre tallerkentrekk og eit saktegåande rulleband for dei aller minste. Sjå fullstendig løypekart.

Her finn ein alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.

22 varierte løyper

Me har eit samanhengande løypenettverk, med totalt 22 varierte løyper i alle vanskegradar. Tilsaman byr Myrkdalen på 28,5 km med preparerte løyper. Køyrer du frå toppen av anlegget som ligg på 1060 moh, får du tre kilometer med skikøyring og 610 høgdemeter før du igjen står utanfor Myrkdalen Hotel. Løypene våre er breie og oversiktlege - Myrkdalen er difor ein perfekt plass å læra seg å stå på ski.

Løypeskildringer

Løype 1 - Myrkdalsløypo: Blå løype. Hovudfartsåra med snøanlegg heile vegen ned. Dette er løypa for alle som tek stolheisen for fyrste gong. Her er variert terreng med både flate og litt brattare parti. Løypa er brei med god plass.

Løype 2 - Bygardsløypo: Svart løype som går frå toppen av Myrkdalsekspressen og ned mot hotellet. For dei som elskar fart og brattheng. Ikkje utan grunn at mange alpinklubbar har trening og renn her. Det er berre å slipa kantane!

Løype 3 - Strandaløypo: På travle dagar kan dei som likar god plass og store svingar velja denne traséen ned frå Myrkdalsekspressen. Raud løype som passar alle vidarekomne.

Løype 4 - Landsbybakken: Ligg rett over hotellet og har både park og lysanlegg for kveldskøyring.

Løype 5 - Helgatunløypo: Ei forgreining av Myrkdalsløypo som tek deg ned til hyttefeltet og skitrekket i Helgatun. «Rollers» heile vegen!

Løype 6 - Botnaløypo: Enklaste veg frå toppen av Myrkdalsekspressen og ned til Fjellstova Vetlebotn.

Løype 7 - Kråniløypo: Ei raud løype med plass til store svingar og god fart.

Løype 8 - Fessarholeløypo: Også kjent som «den andre Kråniløypa». Ei blå løype som går frå toppen av Krånitrekket og ned i Vetlebotn.

Løype 9 - Finnbuløypo: Klar... ferdig... gå! Ei bratt løype frå toppen av Kari Traa-trekket. Brei og fin, som skapt for store, deilige svingar på carvingski. Frå toppen kan du nyta den fine utsikta og nedover løypa kan du verkeleg sleppa på med god fart. Tips: Frå toppen av Kari Traa-trekket kjem du óg rett ut i eit stort frikøyringsområde som ligg på begge sider av løypa.

Løype 10 - Kari Traa-løypo: Oppkalla etter Voss si eiga skidronning. Går på motsett side av trekket med same namn. Her er det berre å «gje på». Veldig fint frikøyringsområde rett utanfor løypa!

Løype 11 - Badnabakken: Ei vid løype med slak helling. Her har mange born og nybyrjarar tatt sine fyrste svingar på snø. Du finn både skiband og koppheis som tek deg opp løypa.

Løype 12 - Myrkdalscrossen: Går frå toppen av Myrkdalsekspressen. Ei leiken løype med doserte svingar, rollers og bølgefelt frå topp til botn! Veldig kjekk løype som eignar seg for alle med brukbar skidugleik.

Løype 13 - Huldreskogen: Ein favoritt blant borna! Løypa ligg rett ved Mikkeltrekket, parallelt med barneområdet nedst i anlegget. Den svingar seg ned mellom trea og har mange kjekke avstikkarløyper og upreparerte stiar gjennom eventyrskogen og forbi Revehiet. Ei grøn løype som passar dei fleste.

Løype 14 - Skogscrossen: Ei barnevenleg løype med variert terreng og små parkelement. Ligg ved Mikkeltrekket og barneområdet.

Løype 15 - Transporten: Kort transportløype som tek deg bort til trekket og hyttefeltet i Helgatun. Her kan møta på folk med langrennski på veg til løypene i Årmotslia.

Løype 16 - Leinevegen: Svart løype som tek deg gjennom det snørike området over hyttefeltet. Drop inn i pudderhenget eller fortset ut til løype 2, Bygardsløypo.

Løype 17 - Ondrahaugen: Gira på fyrste heis i Storhaugen? Sett deg i hockey frå toppen av Myrkdalsekspressen og set utfor denne fartsfylte løypa. Ikkje gløym å nyta utsikta!

Løype 18 - Overland: Hovudåra ned i Storhaugen. Raud løype som passar dei fleste.

Løype 19 - Hyrtamyra: Panoramaløypa på solsida i Myrkdalen! Denne perla går frå toppen av Storhaugekspressen, rundt Storhaugen og ned mot dei vakre Mørkvestølane. Fantastisk utsikt mot stølane og fjella! Løypa er brei med fin helling. Her finn du óg vår nye «Adventure slope».

Løype 20 - Skaret: Etter ein lang dag med mange turar i Storhaugen er det på tide å koma seg ned til Myrkdalen Hotel. Denne løypa får deg på riktig spor.

Løype 21 - Storhaugen: Drop rett inn frå Storhaugekspressen i denne vide og velpreparerte, raude løypa. Plass til store svingar i godt driv!

Løype 22 - Storhaugcrossen: Skicross med krappe, doserte svingar midt i hjarta av Storhaugen. Favorittløypa til Jostein Norheim som har designa nedfarten. Slår du bestetida hans er du god!

Løype 23 - Adventure slope: Denne løypa finn du i Storhaugen, ned til Storhaugekspressen. Løypa er som ei berg-og-dal-bane på snø. Her står flyt og skiglede høgt i fokus.

Langrennløyper: Ved hotellet kan du spenna på deg langrennskia og gå rett ut i 30 km lange tur- og langrennsløyper. Her finn du variert terreng med trakka løyper rundt skistadion, i høgfjellet og nedover langs dalen.