Me satsar på park

Me gjer gass på park og i år får parkansvarleg, Ross Juretich frå New Zealand, med seg Klaus Finne på laget. Målet er å bygga eit større leikeland enn nokon sinne! Fire ulike parkområder byr opp til leik og det vil vera fleire arrangement gjennom vinteren.

Park i Myrkdalen

Reveparken i Badnabakken
I år har me laga Reveparken med små hopp og element i Badnabakken - perfekt for born og nybyrjarar.

Landsbyparken
Denne parken i Landsbybakken er retta mot nybyrjarar og vidarekomne og her finn du fire ulike seksjonar. 

Finne-parken
I vinter kjem Klaus Finne si signaturlinje -  ei kreativ løype med mange snøelement. NB! Denne er ikkje klar enno

Helgatunparken
Denne parken består av ein øvre og nedre del. Øvst finn du større hopp og element. Nedre del finn du ei kjekk flytløype for born med små hopp, element og kuler. 

Open Klasse
Det populære park-arrangementet Open Klasse blir arrangert frå 30. april - 3. mai i 2020! Hald av datoen - meir informasjon kjem.