Myrkdalen Sport & Skiutleige

Velkomen til sportsbutikk, ski- og sykkelutleige under eit og same tak i Torggarden. Me tilbyr alt du treng til ein aktiv kvardag!

Opingstider frå 3. november
Måndag – fredag kl 10.00 -15.00
Laurdag - sundag kl. 10.00 - 16.00

Skiutleige
Treng du å leiga skiutstyr eller vil du prøva noko nytt? Myrkdalen Skiutleige har utstyr for alle aldrar og nivå. 

Fordelen med å leiga ski eller snowboard er at utstyret er nyslipt og preparert. Med godt utstyr får du får maksimalt ut av skiferien din i Myrkdalen!

Skiutleiga har eit breitt utval av alpintutstyr for nybyrjarar til ekspert, både for born og vaksne. Her kan du også leiga snowboard, langrennski og barnepulkar. Hjelm får du låna gratis når du leiger utstyr. 

Bestill utstyr online 
Bestill ski og snowboard-utstyr online

Prisliste Skiutleige
Sjå fullstendig prisliste her

Kompetanse i høgsete
Me gjer gode råd og finn utstyret som passar akkurat deg. Hjå oss får du alt du treng innan alpint, fjellski, randonne og langrenn. Du vel sjølv om du vil leiga eller kjøpa.

Slipeautomat
Med vår nye slipeautomat frå Wintersteiger får du garantert perfekt såle og knallgode kantar. Discovery modellen er av beste kvalitet på marknaden og einaste i sitt slag på Vestlandet. Les meir om slipeautomaten vår 

Verkstad
Har du eige utstyr? Hugs at skigleda er mykje større når utstyret er i god stand. Me fiksar skarpe kantar og god glid! 

Terrengsyklar til utleige
I sommarsesongen har Myrkdalen Sport & Skiutleige eit godt utval terrengsyklar til utleige - fulldempa, hardtail og elsyklar! 

Utstyr til ein aktiv kvardag
Me fører kjende varemerke som Åsnes, Bjørn Dæhlie, Sweet, Kari Traa, Bula, Ortovox, Helly Hansen, We Norwegians og mange fleire.