Skiskule Privatundervisning

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

  • Vinter
  • Enkel
  • Utstyr ikkje inkludert
  • Åleine

Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett kva nivå ein befinn seg på. Skiskulen sine skilærarar er kvalifiserte til å undervise på alle nivå, både i og utanfor løypene. Kva med å få meir ut av teknikken i ei storslalomløype, eller kva med å jobbe med teknikken utanfor løypene?

Det kan vera krevjande å læra seg å stå på ski - her lærer du enkle grunleggjande teknikkar og får tips om korleis du kan køyra skadefritt og mest mogleg økonomisk for kroppen. På denne måten kjem det store smilet på plass tidlegare!

UNDERVISNING
Me tilbyr undervisning i 100 minutt per dag, 3 timar per dag eller full dag

100 min: Frå kl 09.30 - 11.10 eller kl 13.30 - 15.10
3 timar: Frå kl 09.30 - 12.30 eller kl 13.00 - 16.00
Full dag: Kl. 09.30 - 15.30
Møt opp ved skiskulen sitt kontor på torget.

FLEIRE PERSONAR?
Det er mogleg å leggja til fleire personar på same undervisning i bestillinga. Dette kostar kr 370,- per person for 100 minutt og 475,- per person for 3 timar eller kr. 525,- for full dag. Fleire personar på samme instruktør legg du ved i steg 2

NB! For å få best mogleg utbyte av undervisninga anbefalar me at dei som skal vera med på same instruksjon er på likt nivå.

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon.

ONLINE BOOKING
Privattime kan bestillast online innan kl. 13.30 dagen før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til skiskule@myrkdalen.no

PRIVATUNDERVISNING SNOWBOARD OG LANGRENN
Skiskulen tilbyr også privatundervisning i snowboard og langrenn. Kontakt skiskulen på skiskule@myrkdalen.no for ledig kapasitet og bestilling.