Skred- og frikøyringskurs
Bli med på eit 2-dagar skred- og frikøyringskurs med Myrkdalen Skiskule ! Dette kurset retter seg mot skikøyrarar som jaktar laussnø frå heis, samt kortare toppturar. Kurset inneheld mykje skikøyring slik at du får prøvd ut det du lærer i praksis.
- Januar
- Februar
- Mars
- Desember
- Utstyr ikkje inkludert
Skred- og frikøyirngskursa blir gjennomført av lokalkjende og internasjonalt godkjende og kvalitetssikra ISIA skilærarar som har fokus på teknikk, vegval, sikkerheit, skredlære og høg aktivitet.
KRAV
Ein må kunne køyre svart løype uanstrengt for å vera med på dette kurset
TEMA
- Gruppe og gruppedynamikk
- Skredfare og risiko
- Køyremønster og linjeval
- Hengvurdering og vegval
- Skiteknikk tilpassa ulike forhold
- Bruk av sendar/mottakar
- Kameratredning
- Utstyr
TIDSPUNKT
28. - 29. desember
30. - 31. januar
20. - 21. februar
27. - 28. mars
Oppmøte kl 09.00 på Myrkdalen Hotel fyrste kursdag
PRIS
Pris: 3100 kr per person. Heiskort kjem i tillegg
UTSTYR
- Sekk
- Søkestang, spade og sendar /mottakar
- Randonneski og feller
Alle påmelde vil verte kontakta i god før kurset.
LEIGE AV UTSTYR
Ta kontakt med skiutleige@myrkdalen.no dersom de ynskjer å leige utstyr
NB! Me treng minimum 3 deltakarar for å gjennomføra kurset. Ved færre deltakarar kan kurset bli avlyst.
Dersom det er ynskjeleg med skred og frikøyringskurs andre datoar må de berre ta kontakt med skiskulen på e-post skiskule@myrkdalen.no