Skred- og frikøyringskurs for damer

Kurset er retta mot damer som har lyst til å jakta laussnø frå heis og gå enkle toppturar. Bli med Myrkdalen Skiskule på dette lærerike kurset!

  • Gruppe
  • Januar
  • Utstyr ikkje inkludert
  • Åleine

Skred- og frikøyirngskursa blir gjennomført av lokalkjende og internasjonalt godkjende og kvalitetssikra ISIA skilærarar som har fokus på vegval, sikkerheit, teknikk, skredlære og høg aktivitet. Dei legg opp kursplanen etter nivået og behovet til deltakarane og garanterer mykje god læring på ski!

KRAV
Ein må kunne køyre raud løype uanstrengt for å vera med på dette kurset

TEMA
- Skredfare og risiko
- Bruk av sendar/mottakar
- Gruppe og gruppedynamikk
- Køyremønster og linjeval
- Hengvurdering og vegval
- Skiteknikk tilpassa ulike forhold
- Kameratredning
- Utstyr

TIDSPUNKT
25. - 26. januar
Oppmøte kl 09.00 på Myrkdalen Hotel fyrste kursdag

PRIS
Pris: 3100 kr per person. Heiskort kjem i tillegg

UTSTYR
- Sekk
- Søkestang, spade og sendar /mottakar
- Ski med gåfunksjon og feller

Alle påmelde vil verte kontakta i god tid før kurset.

LEIGE AV UTSTYR
Ta kontakt med skiutleige@myrkdalen.no dersom de ynskjer å leige utstyr

NB! Me treng minimum 3 deltakarar for å gjennomføra kurset. Ved færre deltakarar kan kurset bli avlyst.
Dersom det er ynskjeleg med skred og frikøyringskurs andre datoar må de berre ta kontakt med skiskulen på e-post skiskule@myrkdalen.no

Email: