44 nøkkelferdige hytter med høg teknisk standard.

Slik er dei nøkkelferdige hyttene

Dei nye hyttetomtene i Hagamyra ligg flott til med gode solforhold, fantastisk utsikt og nærleik til skiløyper, turterreng og alpinanlegg. Og akkurat her skal 44 nøkkelferdige hytter byggast. Hyttene har høg teknisk standard, moderne preg og store vindaugsflater som gir deg ein unik kontakt med naturen rundt.

Kontakt oss gjerne: Meld di interesse for hytter og tomter i dag! Mørkveslia

Etter planen skal hyttene vera innflyttingsklare sommaren 2022, og det er sjølvsagt lagt til rette for at du skal kunne setje ditt preg på hytta di. Fargar, materialval, møblar, belysning og kjøkkenløysing er nokre av mange val du har for å få det nett slik du ønskjer i ei av hyttetypane du kan velje mellom i det nye hyttefeltet i Myrkdalen.

Utsikt eller betre plass? Ja takk, begge deler

Dei arkitektteikna Vy-hyttene frå Leve Hytter er kjend for å bygge vidare på norske byggetradisjonar, samstundes som både estetikk, kvalitet og praktiske løysingar blir lagt vekt på.

Vy med underetasje – for plassutnytting

Leve-hytter i ekslusivt område i Myrkdalen Fjellandsby
Illustrasjon Vy med underetasje

Hytta Vy med underetasje er skapt for tomter i skråande terreng, og nettopp det å bygge i bratt terreng gir mogelegheit for både utsikt og god utnytting av tomta sitt areal.

Utsikt eller betre plass? Ja, takk begge deler er det gjerne mange som vil seie – og svaret kan då ligge i ei med hytte med underetasje. Akkurat som denne med store vindaugsflater som betyr mykje naturleg lys inn og at ein kjem tett på den vakre naturen som er i Myrkdalen.

Den utvendige kledninga er grov, ståande panel og på taket ligg det naturtov. Vy-hytta er utstyrt med både balkong og terrasse samt to-lags energivindauger. Inne vil det vera beisa furupanel på alle på veggar og i himling, og hardvoksbehandla furugolv på kjøkken, stove og soverom. På bad, toalett, i gang og i bod er det fliser på golv. Vil du lese meir om utvendige og innvendige detaljar, kan du også sjekke ut levehytter.no

Kvar av hyttemodellane blir levert med kjøkken- og baderomsinnreiing. I tillegg er både stålpipe og peisovn inkludert.

Les meir: Sjå vår tomteveljar her Nytt hyttefelt i myrkdalen

Vy med hems – rom for fleksibilitet

Vy med hems
Illustrasjon Vy med hems

Hems på hytta gir både meir plass og fleksibilitet, og denne Vy-hytta gir deg akkurat denne hemsen som kan bety så mykje på ei hytte.
Har du først fått deg ei hytte med hems, er det vanskeleg å tenkje seg ei utan. Denne hyttemodellen kjem med ulike planløysingar for å kunne ta høgde for dine behov. Og akkurat som Vy med underetasje er også Vy med hems utstyrt med grov, ståande panel som utvendig kledning, naturtov på taket, to-lags energivindauger og terrasse. Inne er det beisa furupanel på alle på veggar og i himling samt hardvoksbehandla furugolv på kjøkken, stove og soverom. På bad, toalett, i gang og i bod er det fliser på golv.

Kvar av hyttemodellane kjem med kjøkken- og baderomsinnreiing. I tillegg er både stålpipe og peisovn inkludert.

Les meir: Sjå prospekt her Prospekt - Mørkveslia