Smak & Tonar med Johannessen og Hjeltnes

Laurdag 16. november arrangerer me for tredje år på rad det populære arrangementet Smak og Tonar på Myrkdalen Hotel. Kvelden byrjar med musikalsk show med pianisten Sjur Hjeltnes. Etterpå blir det 4-rettars middag som den prisbelønte mesterkokken Ørjan Johannessen har komponert og laga for denne kvelden. 

Som vanleg blir det musikalsk og kulinarisk heilaftan på Myrkdalen Hotel i midten av November

Prisar og bestilling
Pris: Kr 1650,- per person - bestill her

Show med Sjur Hjeltnes, 4-rettars middag med drikke er inkludert i prisen. Kvart år har dette arrangementet blitt utseld - bestill difor tidleg for å sikra deg billett til denne kvelden. 

Ørjan Johannessen

Mesterkokken Ørjan Johannessen kjem til Myrkdalen

Ørjan Johannessen er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri.  Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon!

Sjur Hjeltnes

Sjur er klassisk pianist og seriøs komikar frå Voss. Heilt frå dei ytterste skjær til kongens slott har han kome med sine særeigne tankar frå pianokrakken.Han har studert ved Griegakademiet i Bergen og Ecole Normale de Musique de Paris, han har spelt det meste mellom Deep Purple og Fartein Valen og han har vore kapellmester, skodespelar og komikar i alt frå revy til samtidsteater. Sjur er for tida kapellmeister på «Eides språksjov» på NRK1.