Smak & Tonar - laurdag 14. november

I år byr me på fransk mat, vin og underhaldning! Dette blir ein heilaftan med 4-rettars middag laga av mesterkokken Ørjan Johannessen, sommelier Merete Bø presenterer vinen som er utvald for kvelden og Johan Egdetveit Trio speler i Restaurant Nuten.

  • Par
  • Gruppe
  • November
  • Åleine
  • 18 år

PRIS
Kr 1750,- per person
4-rettars middag med vinpakke og underhaldning frå "Fint Fransk Orkester Trio" er inkludert i prisen.

DATO
Laurdag 14. november kl. 19.30 i Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel

Salto Lobby Bar er ope før og etter middagen frå kl. 17.00 - 24.00

ØRJAN JOHANNESSEN
Ørjan Johannessen er frå Austevoll i Hordaland og vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Han er to gonger kåra til Årets Kokk i Noreg, vann Bocuse d’Or Europe i 2012 og i 2015 vann han Bocuse d’Or i Lyon (VM i kokkekunst). Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Han er mykje ute og reiser, og vitjar mange ulike kulturar med eit mål for auga: Inspirasjon!

MERETE BØ
Sommelier Merete Bø har vore vinjournalist i Dagens Næringsliv i 13 år. Ho har skrive fleire bøker om vin, og er tidlegare nordisk mester og dobbel norgegsmester for vinkelnere.

JOHAN EGDETVEIT TRIO
Trioen består av Johan Egdetveit (trekkspel), Andreas Barsnes Onarheim (gitar) og
Theodor Onarheim (kontrabass).Dei spelar mellomkrigs- swing og franske musettevalser i herleg harmoni - virtuost og særs underhaldande.