Fjelltur og topptur

I Myrkdalen finn du fine toppturar for heile familien! Fjelltur med barn er ein perfekt familieaktivitet og området rundt Myrkdalen byr på varierte fjell- og toppturar for alle aldrar.

Stolheisen går i juli og august, så du kan koma deg kjapt og enkelt til fjells. Om du set deg i bilen er det kort veg til høgfjellsterrenget på Vikafjellet og topptur-eldoradoet i Jordalen. 

Fjelltur frå Myrkdalen Hotel

Fjelltur frå Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel er eit ypparleg utgangspunkt for ulike dagsturar. For dei minste anbefalar me å gå stien frå Helgatun til Vetlebotn. Dei som ynskjer ein lenger fjelltur kan gå vidare til Leinevegen utsiktspunkt og tilbake til Myrkdalen Hotel. Ein annan fin fjelltur for barna er til koselege Mørkvestølen, som ligg fint til ved ei lita elv og med vakker utsikt mot Myrkdalsvatnet. Frå Mørkvestølen kan ein gå vidare opp til idylliske Svortetjødn som byr på eit forfriskande bad på varme sommardagar. 

Av toppturar er Svolefjell og Finnbunuten dei næraste fjella i området og begge turane kan ein gå med utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel. Finnbunuten er fjellet som ligg over skisenteret og den mest vanlege vegen opp er langs Kari Traa-trekket og vidare langs ryggen til toppen. På klårversdagar har ein flott utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna.

Vandrekart
Sjå vandrekart med utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel
Sjå vandrekart med utgangspunkt frå toppen av stolheisen

Guida topptur
Vil du prøva ei ny og umerka rute til Finnbunuten, via Svortetjødn? Me tilbyr guida fjelltur kvar laurdag i juli og august. 

Ta stolheisen til fjells
Vil du byrja fjellturen høgt til fjells kan du ta stolheisen i juli og august. Heisen går frå onsdag - sundag kl. 10.00 - 15.00. 

Ved å ta stolheisen har du ein ypparleg moglegheit til å nå fleire av turmåla i Myrkdalen!

Topptur med fjordutsikt

Breiskrednosi

For deg som er ute etter ein krevjande topptur med fjordutsikt, anbefalar me dei fantastiske fjella i Jordalen. Jordalen ligg ca 40 minutt unna Myrkdalen, retning Gudvangen. Her er moglegheitene mange, men to av dei mest kjende fjella i dette området er truleg Bakkanosi og Breiskrednosi som begge byr på luftig og spektakulær utsikt rett ned i den UNESCO-lista Nærøyfjorden.

Jordalen - Bakkanosi tur/retur: 20 km
Toppturen til Bakkanosi byrjar frå den gamle skulen i Jordalen. Følg traktorvegen opp til stølane i Slettedalen og følg sauetrakket på venstre side av elva. Gå opp lia til Slettedalstjørni. Her flatar det ut til toppen av Bakkanosi. Sjå kart her. 

På toppen er det stupbratt ned til fjorden og utsikta er ubeskriveleg. 

Jordalen - Breiskrednosi tur/retur: 20 km
Toppturen til Breiskrednosi byrjar frå Breidalen, ca 10 km lenger inn i Jordalen frå skulen. Herfrå går det bratt opp dalen, før ein går ned til Skarsvotni. Frå Skarsvotni går ein vidare opp vest for Rimstigfjellet og så flatar det ut til toppen. Breiskrednosi er ein bratt vegg - her får ein garantert magesug av å liggja på kanten av stupet og sjå ned mot fjorden. Turen til Breiskrednosi kan ein også gå frå Bakka eller Dyrdal. Sjå kart her

NB! Toppturane til Breiskrednosi og Bakkanosi er ikkje merka og går berre delvis på sti. Ein må ha mykje erfaring i fjellet og ha god kunnskap i navigasjon for å gå desse turane. Selskapet Wild Voss tilbyr guida toppturar i dette området. 

Natursti og miljøsti

Natursti

Natursti er ein kjekk aktivitet for barn, som gjer fjellturen meir spanande og morosam. Frå midten av juni kan du ta med heile familien på miljøsti langs Leinevegen og natursti frå Vetlebotn til Helgatun. Begge desse turane har utgangspunkt frå Myrkdalen Hotel og inneheld 10 postar med varierte spørsmål. 

Hent svarskjema og få kart på Myrkdalen Hotel. Alle som deltek får ein godis og dei med rett svar er med i trekninga om festivalpass til Bornas Sykkelfestival i september. 

Vikafjellet og Stølsheimen

Vikafjellet

Vikafjellet er inngangsporten til Stølsheimen, fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. Dette området byr på grønt og frodig landskap og nydeleg høgfjellsterreng, og her finn du mange fine fjellturer for barn og vaksne.

I dette området ligg ni DNT hytter - to av desse har enkel tilkomst frå Vikafjellet; Selhamarhytta og Åsedalen. Er du ute etter ein fin dagstur med familien på Vikafjellet - anbefalar me det barnevenlege terrenget inn Sendedalen. Vikafjellet ligg kun 15 minutt unna Myrkdalen Fjellandsby. 

Løping i fjellet

Løping i fjellet på Voss

Er du glad i å løpa i fjellet på flotte og kuperte stiar ? Løping i fjellet er ei trend som veks for kvart år - med god grunn. Dette er ei fin treningsform, samstundes som det gjev fantastiske naturopplevingar - uansett kva form ein er i. 

LES OGSÅ: Noregsmeisteren i randonee, Lars Erik Skjervheim, sine beste tips til korleis du kan få fantastiske naturopplevingar med joggesko på beina.

Forholda for løping i fjellet er veldig bra i Myrkdalen, då dei gode stiane i høgfjellsterrenget på Vikafjellet berre er eit steinkast unna. I sommar kan du bli med ein guide på løpetur på Vikafjellet, der lengde og fart på turane blir tilpassa til dykkar nivå.