Sommerskole i Myrkdalen

Sommarskule for born

I juli og august kan alle born som skal starta i 5. , 6. og 7. klasse bli med på "Oppdrag Myrkdalen", ein 3-dagars intensiv og attraktiv sommarskule i bratt vestlandsnatur.

Heilårsdestinasjonen Myrkdalen ligg i hjarta av Fjord Norge, like ved Sognefjorden, verdskjende Nærøyfjorden og aktivitetseldoradoet på Voss. Med tilrettelagde sykkelløyper, fjelltoppar og høgfjellsterreng som skapt for vandring og elver i verdsklasse, ligg alt til rette for ein spanande og innhaldsrik sommarskule. 

Bestill sommarskulen her! 

Sommarskule i Myrkdalen
På sommarskulen i Myrkdalen får ein blant anna prøva elvepadling.

Under sommarskulen "Oppdrag Myrkdalen" blir det ein kombinasjon av læring, samt spanande utfordringar ein skal løyse åleine og i grupper. Me legg opp til at kvar deltakar får tilpassa utfordringar i trygge rammer, leia av dyktige sertifiserte instruktørar, og med god støtte frå våre sosiale aktivitetsleiarar.

Ved oppmøte fyrste dagen vil alle få grunnleggjande opplæring. Deretter vil deltakarane bli sendt ut på oppdragsløysing i og omkring Myrkdalen. Dette involverer alt frå klatring, elvepadling, orientering og matlaging på bål.

Kom åleine eller ta med deg ein ven, og bli med på eit oppdrag du seint vil gløyme!

Sommarskulen «Oppdrag Myrkdalen» passar deg som:
- Ynskjer å utfordre deg sjølv 
- Er motivert til å prøve noko nytt og ukjend 
- Skal byrje i enten 5., 6. eller 7. klasse hausten 2021

Læring og utfordringar i fokus

Kart og kompass
Her får du ei innføring i navigering med kart og kompass

Under Oppdrag Myrkdalen får borna innføring i basis friluftsliv, navigering med kart og kompass, bålfyring og matlaging på bål, etablering av leirplass, bekledning, elvekajakk, klatreteknikk og mykje meir!

Sommarskulen blir arrangert fleire gonger i juli og august

Du vil mellom anna oppleve: 

Sommarskule i Myrkdalen
Få nye vener på sommarskulen i Myrkdalen!

- Å sove i tretopptelt høgt over bakken 
- Å få nye vener 
- Adrenalin 
- Stemning rundt leirbålet 
- Leik og moro 

Les også Det beste av Flåm på ein dag
Det beste av Flåm på ein dag

Medan borna er på sommarskule, dansar foreldra på fjellet...

Elsykling i Myrkdalen
Utforsk Myrkdalen med din betre halvdel medan ungane er på sommarskule

Sommarskulen er lagt opp slik at borna er saman med aktivitetsleiarane frå måndag morgon kl. 09.00 til onsdag kl. 16.00. Ynskjer du å vera i nærleiken av borna, kan du bu godt i leilegheiter eller på Myrkdalen Hotel og utforska området på sykkel, gå flotte fjellturar eller nyta det spektakulære fjell og fjordlandskapet ved Nærøyfjorden. 

Bestill sommarskulen her!