Spørsmål og svar om Covid-19

OVERNATTING

- Får me tilbakebetalt produkt dersom de må stenga ned på grunn av korona?
Ja, alt blir refundert dersom det vert pålagt å stenga ned overnattingseiningane i Myrkdalen Fjellandsby. Det same gjeld dersom området du har budstadadresse i innfører karantene ved utreise 
 
- Kva gjer me dersom området me har bustadadresse blir raudt medan me er på ferie i Myrkdalen eller blir tvunge heim før?  
Dersom området de har bustadadresse blir raudt medan de er på ferie hjå oss, får de ikkje refundert opphaldet. Dersom det er me som vert pålagt å stengja ned overnattingseiningane våre, blir dei ubrukte dagane refundert. 
 
- Me har kjøpt ei pakke som inkluderer overnatting og heiskort, får med desse pengane tilbake dersom de vert pålagt å stengja ned?
Ja, dersom me må stenga grunna Covid-19 blir heile bestillingen refundert, uansett kor lenge det er til ankomst. 

- Kva om eg er smitta, eller har symptom på Covid-19, og må bli heime i karantene som gjer at eg ikkje kan reisa til Myrkdalen på ferien min. Får eg då pengane refundert?
Då gjeld allminnelege avbestillingsreglar og dersom det er færre dagar enn 20 dagar før ankomst anbefalar me deg å bruka reiseforsikringa di. 
 
- Kva skjer dersom me ikkje får reisa inn til Noreg på grunn av korona, eller de må stengja landet på grunn av det?
Då får de full refusjon av bestillinga, uansett kor lenge det er til ankomst

- Me er redde for Covid, og har ikkje lyst til å reisa pga det. Kan me avbestilla når som helst og få full refusjon?
Nei, de får full refusjon kun dersom landet de bur i stengjer, de ikkje får reisa til oss, eller Noreg og /eller anlegget blir pålagt å stengja. Fyrst då vert full refusjon utløyst.
Dersom de angrar på bestilling eller ikkje ynskjer å reisa fordi de er redde for smitte, gjeld alminnelege avbestillingsreglar.