Eit skisenter med særpreg
Myrkdalen ligg i Voss herad, berre to små timar frå Bergen. Vestlands mest komplette skisenter er omkransa av høge fjell, djupe dalføre, spektakulære fjordar og ein genuin bygdekultur. Dette skapar eit særpreg som gjer at me kan tilby deg eit stort spekter av kontrastfylte opplevingar.
- Eit snøsikkert pudderparadis – Skianlegget i Myrkdalen er eitt av dei mest snøsikre skistadane i Noreg, og sesongen varar som ofte frå november til mai. Alpinsenteret er blant alpinanlegga i Noreg som tronar høgt på snømålingene gjennom vinteren.
- Det er enkelt å ta med heile familien på ski. Alpinanlegget har eige barneområde med lett tilkomst frå parkering, leilegheiter og Myrkdalen Hotel.
Morosame skikøyring med 22 skiløyper og 9 skiheisar
Skianlegget har 22 skiløyper fordelt på ulike vanskegrader, frå familievenlege alpinbakkar til fartsfylte skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Dessutan har alpinanlegget 9 skiheisar, inkludert 2 ekspressstolheisar, så du enkelt kan koma opp på fjelltoppane og nyta alt det alpinsenteret har å by på. Sjå løypekart og løypeskildringar her.
Myrkdalen Skisenter tilbyr også skipass for både dag- og sesongbruk, så du kan få mest mogleg ut av besøket ditt. Skisenteret har ope frå måndag til søndag. Opningstidene varierer, avhengig av sesongen. Du kan finna oppdatert informasjon om opningstider her.
Kjøp heiskort her
Om du leitar etter ein skistad i Noreg som tilbyr ei unik skikøyringsoppleving, er Myrkdalen Skisenter det ideelle valet.
Besøk skisenteret og opplev den fantastiske naturen i Fjord Noreg, medan du nyt fine dagar på ski.