Stavangerkameratene

28. mars kjem Stavangerkameratene til Myrkdalen og me gler oss til å gå inn i påskeferien med herleg stemning og allsong med gutane bak låtane «Vekk meg opp», «Bare så du vett det» og «Bare du»!

Dei fire artistane Kjartan Salvesen, Tommy Fredvang, Glenn Lyse og Ole Alexander Mæland opptrede for fyrste gong saman i 2015 med låta «Vekk meg opp» som er ein norsk versjon av megahiten «Wake me up» av Avicii. Responsen var så bra at dei bestemte seg for å gje ut låta vinteren 2016 og dermed var bandet eit faktum. Stavangerkameratene byr på ei god blanding av eigne songar og coverlåtar. Felles er at alle blir framført med eigen vri på dialekt – stavangersk sjølvsagt.  

Det blir garantert eit høgdepunkt i vinter når desse gutane inntek scena! Konserten blir arrangert i trakkemaskingarasjen. 

Bestill billett her

Enkeltbillett til konserten med Stavangerkameratene er no utseld, men ein kan framleis kjøpa konsertbillett med overnatting på Myrkdalen Hotel og 2-dagar heiskort:

Bestill konsertbillett Stavangerkameratene, overnatting på Myrkdalen Hotel, frukost og 2-dagar heiskort 

18 års aldersgrense