Barn på tur i Myrkdalen - Foto: Sverre F. Hjørnevik

Stor sommarsatsing i Myrkdalen

Myrkdalen er for dei fleste kjend som eit vinterparadis for skikøyring, men bli ikkje overraska om du finn fjellbygda like innbydande og vakker i sommardrakt. 

Vandring i Myrkdalen

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Omkransa av flotte fjell og vill natur, og med utsikt mot Myrkdalsvatnet, ligg alt til rette for fantastiske naturopplevingar rett utanfor eiga hyttedør – og no kan det bli din tur. I Myrkdalen vert nye hytter og hyttetomter lagt ut for sal, og din hyttedraum kan gå i oppfylling.

Kontakt oss gjerne: Meld di interesse for hytter og tomter i dag! Mørkveslia

Satsar på sykkel

Pumptrack i Myrdalen. Perfekt for en familievennlig sykkelferie.

Foto: Jon hunnålvatn

Dei seinare åra har det blitt enklare å oppleve fjellheimen på to hjul. Og stadig fleire av oss syklar meir og meir – både på fatbike om vinteren og terrengsykkel over vidder og på sykkelstiar i fjellheimen om sommaren og hausten.

– Myrkdalen har satsa mykje på utbygging av sykkeltilbodet, og med suksess med både sykkelstiar i nærområdet og ny pumptrack like ved hotellet ser me fram til å utvikle tilbodet ytterlegare, fortel prosjektleier for sykkelsatsinga Joar Wæhle i Myrkdalen. 

Visste du at det vert seld fleire terrengsyklar i Noreg enn alpinski? Og kva passar vel då betre enn å utvikle Vestlandet sin største skidestinasjon til også å verta ein svært attraktiv heilårsdestinasjon.

Det føreligg nemleg nye planar for stibygging i nærområdet, og sommaren 2020 går ein i gong med å utvide for enda fleire gode opplevingar.
Me skal laga fleire stiar med ulike vanskegradar for både unge og vaksne, lovar Wæhle.

– Den gleda me ser sykkelløypene og -aktivitetane gir både fastbuande, hyttefolk og turistar, ønskjer me å gje meir av, fortel prosjektleiaren.

Hausten 2019 stod ein splitter ny 850 kvadratmeter stor pumptrack (sykkelbane med ein serie kuler, hopp og doseringer) i asfalt ferdig i Myrkdalen, og etter tilbakemeldingane å døme har denne begeistra så vel små som store, nybyrjarar og ekspertar.

– Pumptracken, som er unik i regionen, haustar skryt frå dei som brukar han – spesielt for korleis sykkelbana er designa, at ein kan finna utfordringar uansett nivå, fortel Joar Wæhle.

Les meir: Utvidar med fleire alpinbakkar Nye skiheiser i Myrkdalen Fjellandsby

Topp tur i topp terreng

Foto Sverre F. Hjørnevik

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Med den flotte fjellbygda i Voss som utgangspunkt, kan du plukke opplevingar frå øvste hylle – enten du ønskjer å rulle på to hjul over Vikafjellet, ta beina fatt eller køyre stolheis til topps for ein fjelltur i vakkert og variert terreng, eller vel å sjå Nærøyfjorden sitjande i kajakk. Sommartilboda i Myrkdalen er mange, og destinasjonen satsar stort for å gjere bygda attraktiv heile året.

LES OGSÅ: Slik kan din hyttedraum sjå ut Ønsker du deg Hytte på fjellet? I Myrkdalen er det nøkkelferdige hytter og tomter til sals.

Eldorado for fiske

Glad i jakt og fiske?

Foto: Benjamin Hjort

Og er du blant dei som likar å pakke fiskeutstyret i sekken og drøymer om at storauren skal bite seg fast på kroken, kan Voss by på innlandsfiske i meir enn 500 fiskevatn og elvar. Her er det med andre ord mange moglegheiter for å prøve fiskelykka.

Familievenleg friluftsliv

Myrkdalen er den optimale friluftsplassen for familier
Vandretur til Mørkvestølen

Området i og rundt Myrkdalen har eit kupert landskap og variert terreng som strekkjer seg frå fjord til høgfjell opp i 1400 meter. Mellom det finn du frodige stølsdalar med store myrområde med rolege elveløp og små bekkar, viltre fossar og mange fjellvatn som innbyr til bading så vel som fisking. Eiga hytte midt i desse omgjevnadane gjev rom for aktivitetar som både byr på høg puls og ro i sjela – og ikkje minst opplevingar saman med familien.