Strikkehelg

Hald av helga 23. - 25. oktober - då blir det strikkehelg på Myrkdalen Hotel! Det blir utstillarmarknad, diverse kurs og mykje meir. I år har me også gleda av å visa showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj!

  • Gruppe
  • Innandørs
  • Oktober
  • Enkel
  • Åleine

Festivalpass og dagspass laurdag med middag og show er no UTSELD.

Det er framleis nokre ledige plassar på dagspass laurdag utan middag og show, samt er det gratis inngang på utstillarmessa sundag 25. oktober.

De kan ta kontakt med Berit Klette Norheim på e-post berit.norheim@myrkdalenhotel.no torsdag 22. oktober og høyra om det er kome fråfall og såleis blitt ledige plassar på festivalpass og dagspass laurdag.

PROGRAM

FREDAG 23. OKTOBER
Kl. 18.00 – 21.30: Utstillarmarknad
Kl. 18.00: Oppstart kurs i nålefilting med Liv Marion (held fram laurdagen): FULLT
Kl. 19.00: Foredrag med Birger Berge
Kl. 20.00: Gymnastikk for strikkarar med Liv-Trude
Kl. 16.00 – 22.00: Middag i Restaurant Tunet med dessert

LAURDAG 24. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym med Liv-Trude

Kurs og workshop i:
o Kl. 10.00: Hælstrikk med Marit og Elin: FULLT
o Kl. 10.00: Nålefilting med Liv Marion (varar ca 2 timar, kr 250,- for materialpakke): FULLT
o Kl. 11.00: Vottestrikk med Birger Berge: FULLT
o Kl. 12.00: Hælstrikk med Marit og Elin: FULLT
o Kl. 13.00: Foredrag "Strikk til din kropp" med Tina frå Strikkezilla
o Kl. 14.00: Foredrag "Gull frå Ystabø" med Ruth Iris frå Ystabø Gull

Alle kurs og foredrag krev påmelding grunna smittevern. Send e-post til berit.norheim@myrkdalenhotel.no

Kl. 14.30: Hinderløype-konkurranse

Kl.15.30: Mannekengoppvisning og loddtrekning

Kl.18.30 3-rettars middag i Restaurant Nuten

Kl. 20.30: "Strikk & musikk & dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj
Leif-Per er Hildegunn sin svoger og bror til hennar fråseparerte ektemann, Per-Leif. Nettopp - Leif-Per og Per-Leif er brødre. Forvirra? Alle har dobbeltnamn på Sunnmøre - bli vant til det!

Trass i samlivsbrotet med Per-Leif, har Hildegunn ein fin-fin tone med Leif-Per, og dei to har ei lang historie når det gjeld å underhalde det norske folk. I Myrkdalen kjem dei med eit nytt show som dei har kalla Strikk & musikk - og dramatikk! Hildegunn forklarer:

​- Det er eit svært spanande konsept - som vi er heilt aleine om i den norske underhaldnings-bransjen. Først er det eit kvarter om strikking, og så er det litt musikk, og deretter er det litt strikking nok ein gong, og så enda meir musikk.
- Ja, ein er faktisk aldri i tvil om når det er musikk og når det er strikk! repliserer Leif-Per - som òg trakterer gitaren som den reinaste virtuos. Éin ting kan vi i alle fall garantere: Dette blir noko du aldri har sett før. Rett og slett ei vaskeekte ut-av-deg-sjølv-oppleving.

​Dessuten blir det som regel litt dramatikk kvar gong Hildegunn og Leif-Per er på scena. Men må ein kunne strikke for å ha glede av showet? Svaret på det er todelt og tildels vanskeleg å fatte. Det kan absolutt vere ein fordel, men det kan også vere ei svært stor ulempe. Get it? Showet er for alle, Pus! :)

SUNDAG 25. OKTOBER
Kl. 09.00: Morgongym med Liv-Trude

Kl. 09.00 - 13.00: Gratis inngang til utstillarmarknad

PRISAR
Festivalpass fredag og laurdag: Kr 1490,-
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, mannekengoppvisning, pizza og pasta med dessert fredag kveld, 3-rettars middag laurdag kveld og showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj

Dagspass laurdag inkludert middag og show: Kr 1190,-
Inkluderer inngang til messa, alle kurs og føredrag, mannekengoppvisning, 3-rettars middag laurdag kveld og showet "Strikk og musikk. Og dramatikk!" med Hildegunn Moltubakk aka Strikkebitsj

ÅRETS UTSTILLARAR
- Arnhild Skatvedt
- Garnsenter Voss
- Hillesvåg Ullvarefabrikk
- Husfliden Voss
- Mohairia
- Norwegian Spirit
- Strikkezilla
- Toril Revheim / A knit Story
- Ystabø Gull