Svoletunet

Ynskjer du eit rimlegare alternativ til leilegheit i Myrkdalen? Der du kan vera for deg sjølv, og samstundes i kort avstand frå sentrum? Då er Svoletunet perfekt for deg!

Like ved Vossestrand Hotel kjem Svoletunet med 15 nye leilegheiter som er sør-aust vendt og har flott utsikt mot Svolefjellet. 

Svoletunet vil gje nye målgrupper moglegheita til å eiga fritidsbustad i Myrkdalen!

Leilegheiter frå 2.350.000 - 2.950.000
Leilighetene vil vera 42 - 48 kvadratmeter med to soverom, bad, stove med kjøkken, samt ein bod på svalegangen. Mesteparten av oppvarminga er vannboren golvvarme som har luft til vatn varmepumpe som energikjelde.

Ord frå arkitekt Svein Øvsthus, HLM Arkitektur

Svoletunet er planlagd med tre nye bygg. Saman skapar dei eit rekketun der landskapet og dei grøne draga i området får flyta fritt gjennom rekketunet, og skapa gode uterom og luft rundt husa. Med ulike høgder og storleik på bygningane, blir det skapt ein dynamikk og variasjon i området – ein eigen identitet. Parkering tett på og trinnfri tilkomst skapar gode og inkluderande bygg.

Alle leilegheitene er gjennomgåande med store vindauge som omfamnar dagslyset, og rammar inn den fine utsikta i dalen.

Utstrakt bruk av trevikre og gode material skapar ein moderne og lun leilegheit i fjellet. Leilegheitene er planlagde for komplett kjøkken og skal vera ein god stad for deg og familien. Store skyvedører skapar romslege løysingar og eit tilbaketrekt soverom lagar ein fleksibel leilegheit frå morgon til kveld.

Svalgangane er planlagde med boder til kvar enkelt leilegheit rett utanfor inngangsdøra. Dette lagar eit spanande uterom på svalegangen for opphald, og skapar eit eige særpreg for bygga. Svalegangen blir ei utviding av leilegheitene. Svoletunet er utvikla for å ha ein eigen identiet og særpreg, tilpassa situasjonen og utsikta i dalen, tett på det fantastiske alpin – og turanlegget i Myrkdalen. 

Meld di interesse

Kontakt oss gjerne

Ynskjer du meir informasjon? Ta gjerne kontakt med oss!

Tina Elise Beisland

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 994 40 588
E-post: [email protected]

 

Jan Kristoffer Sletteland

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 486 02 322
E-post: [email protected]
 

Kristine Himle

Eigedomsmeklar 
Eigendomsmegler Vest
Tel: +47 918 31 221
E-post: [email protected]
 

Joachim Staal

Eigedomsmeklar
Eiendomsmegler Vest
Tel: +47 954 46 500
E-post: [email protected]