Sykkelkurs for born og vaksne

Kvar dag frå 19. juni til 30. september kan du bli med på nybyrjarkurs og teknikk-kurs i terrengsykling for born og vaksne!

  • Sommar
  • Middels
  • Enkel
  • Utstyr ikkje inkludert

TEKNIKK-KURS PÅ SYKKEL FOR BORN
Me tilbyr 90 minutt kurs for born med fokus på meistring og leik på to hjul. Me tek i bruk både pumptracken og sykkelløypene utanfor hotellet og gjer eit mangfald av øvingar tilpassa kvar gruppe.

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 19. juni - 30. september frå kl 10.30 - 12.00
Pris: 250 kr per person
Passar for born mellom 6 - 12 år.
For born over 12 år anbefalar me å bli med på kursa for vaksne.

NYBYRJARKURS I TERRENGSYKLING FOR VAKSNE
Bli med på nybyrjarkurs i terrengsykling for vaksne! Dette kurset er for deg som har lite eller ingen erfaring med stisykling. Me lærer deg grunnleggjande teknikk for å meistra terrenget.

Kurset blir lagt opp med fokus på:
- Teknisk gjennomgang av sykkel og utstyr
- Balanse
- Hensiktsmessig bruk av gir og bremser
- Tyngdepunkt
- Svingteknikk

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 19. juni - 30. september frå kl 14.00 - 16.00
Nivå: For nybyrjarar
Pris: 500 kr per person

TEKNIKK-KURS I TERRENGSYKLING FOR VAKSNE
Dette kurset er for deg som har noko erfaring med å sykla på sti eller i terrenget. Me lærer deg teknikk for å meistra middels krevjande stiar.

Kurset blir lagt opp med fokus på:
- Teknisk gjennomgang av sykkel og utstyr- hensiktsmessig oppsett av dempere
- Balanse
- Klatreteknikk- skape friksjon med bakdekket
- Utforteknikk- tyngdepunkt og posisjon
- Teknikk med å få opp framhjulet opp/over element
- Svingteknikk
- Hoppteknikk

Tidspunkt: På bestilling kvar dag frå 19. juni - 30. september frå kl 14.00 - 16.00
Nivå: For deg med noko erfaring
Pris: 500 kr per person

LEIGE AV SYKKEL
Merk at prisane ikkje inkluderer leige av sykkel. Dersom du ikkje har eigen sykkel kan du leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Utleige som har eit stort utval av terrengsyklar.