Familievenleg skiferie i Noreg
Ynskjer du skiferie i Noreg? Legg skiferien til Myrkdalen, eit skisenter med flotte opplevingar og tilbod til alle, uansett nivå. I Vestlandet sitt eige vinterparadis ligg alt til rette for at familien får dei gode opplevingane saman.
Eit komplett skisenter

I Vestlandet sitt største skisenter finn du familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng. Her ligg alt til rette for at mor, far og born får den perfekte skiferien saman.

Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering, leilegheiter og Myrkdalen Hotel. Området har eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk, tre varierte grøne løyper og «Reveparken» som består av enkle og leikne parkelement.
I Myrkdalen er alt samla på ein stad. La bilen stå parkert heile vinterferien og bruk tida på gode opplevingar med familien
Dedikerte skilærarar hjå Myrkdalen Aktiv
Alle born er ulike, nokon er tøffe og andre er meir forsiktige. Felles for alle er at dei lærer mest når dei har det kjekt. Dette gjer dei trygge, skapar skiglede og gjev motivasjon til å øva i bakken.
Skinstruktørane og skilærarane hjå Myrkdalen Aktiv sin skiskule er alle utdanna gjennom Den Norske Skiskole, og dei har eit mangfald av teknikkar som gjer det kjekt å stå på ski.
Skiglede i langrennsløypene
I Myrkdalen finn du også eit samanhengande løypenettverk for langrenn og turski. Fyll sekken med ved, spade, god mat og drikke og spenn på dykk skia rett utanfor Myrkdalen Hotel. Ta ein runde rundt stadion, bygg hopp og leik i snøen eller legg ut på langtur mot Revhaugen eller Bygdadalen.
Området er kupert og passar fint for både treningsentusiastar og barnefamiliar som har skileik, varm kakao og kos på agendaen.
Mat for store og små
Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet på Myrkdalen Hotel. Her blir rettane laga frå botn av og mykje av råvarene blir levert av lokale bønder.
I familierestauranten Tunet får du både pastarettar og den beste steinomnsbakte pizzaen i mils omkrets
I Restaurant Nuten kan du bestilla velsmakande à la carte rettar– og til borna har me sjølvsagt ein eigen barnemeny.
Ski inn – ski ut
Treng du boltreplass for heile familien kan du bu godt i hytter og leilegheiter av ulik storleik. Alle einingane har høg standard og dei fleste med ski inn – ski ut.
Ynskjer du hotellferie, har moderne Myrkdalen Hotel eit utval av større rom og suiter som er eigna for familiar. Her kan du også bestilla to standard rom med dør i mellom for litt ekstra plass og komfort til både vaksne og born.
I alle feriar og helger har me eit innhaldsrikt program for alle aldersgrupper
Aktivitetar utan ski
Ferien i Myrkdalen inneheld ikkje berre leik med ski på beina. Avslutt dagen med ein fartsfylt aketur, bli med på ein stemningsfull kveldstur med hest og slede, finn roen på ein guida isfisketur, eller gje borna ei unik oppleving på tur med hundespann.
Vil du tilbringa ein ettermiddag på Voss, kan me anbefala ein stopp i vindtunnelen. Her kan ein oppfylla draumen om å fly som supermann og få eit minne for livet. I Vossabadet, midt i Voss sentrum, finn du også ein innandørs badehall med tre basseng, stupetårn og sklie.