Ta sykkelmerke

På oppsida av hotellet er det ei lita sykkelløype med to grøne, ei blå og ei raud sløyfe. Løypa er familievenleg og passar både for born og nybyrjarar, men også for syklistar som vil øva teknikk på små element. Her er det gratis å sykla og løypa er eigna for alle typar syklar.

  • Sommarferie
  • Enkel
  • Utstyr ikkje inkludert

TA SYKKELMERKE I SOMMARFERIEN
Kvar onsdag og laurdag i sommerferien kan alle born ta sykkelmerke i løypa vår utanfor Myrkdalen Hotel. Ein kan ta sykkelmerke i ulike vanskegrader, så her er det noko for alle!

TIDSPUNKT
Kvar onsdag og laurdag kl. 12-13 i veke 28 - 32

SYKKELUTLEIGE
Myrkdalen Sport har godt utval terrengsyklar og el-syklar for utleige til vaksne og born. Desse kan leigast 3 timar, heil dag eller fleire dagar.