Terrengsyklar for utleige

I sommar og haust har Myrkdalen Sport & Skiutleige eit godt utval terrengsyklar til utleige - fulldempa, hardtail og elsyklar!

  • Gruppe
  • Åleine
  • Familie
  • Sommar
  • Haust

Rundt Myrkdalen Hotel finn du tilrettelagde sykkelløyper for born og nybyrjarar, samt ein 850kvm stor pumptrack, som er den største av sitt slag i regionen. Like ved skibrua over RV13 mot Årmotslia, har me også opna ei ny hopplinje i ulike vanskegrader

Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska.