Tidenes sesongavslutning
Me rundar av vintersesongen og ferier den fantastiske sesongen me har hatt med eit forrykande bra program i veke 17!
22. - 28. april: Jib League

Ein alternativ Freeski-konkurranse som samlar nokre av dei beste utøvarane i verda til til Myrkdalen i April. Bak konseptet står dei kjende profilane Øystein Bråten, James Woods og Ferdinand Dahl.
Cupen har tre stopp gjennom sesongen:
Innsbruck, Austerrike
Crans Montana, Sveits
Myrkdalen, Noreg.
Konkurransen går over 3 dagar i Myrkdalen der vinnar av heile cupen vert kåra fredag 28.april
Laurdag 22. april vert det ein open kvalifisering i Myrkdalen der alle kan delta og sikra seg ein plass til finalen veka etter og skri saman med heltane sine.
Det vert eit spektakulært show når verdas beste jibbarar samlast i Myrkdalen for å kruna vinnar av Jib League 2023.
Dette arrangementet er gratis og påmelding skjer i bakken.
28. - 1. mai: Open Klasse

Likar du park, vårsnø og god stemning bør du ikkje gå glipp av Open Klasse-festivalen i Myrkdalen, den ultimate sesongavslutninga for ski- og snowboard-frelste.
28. april til 1. mai samlar me alle jibbarar, frikøyrarar og snowboardarar, uansett nivå, til aktivitetsrike dagar i Noregs mest leikne vårpark.
I tillegg til mykje ski og brettkøyring, parkmoro med hopp og rails, vert det sjølvsagt god festivalstemning med konsert og underhaldning. I år vert det utandørs konsert med sjølvaste Michelle Ullestad og Slomosa på laurdagen.
29. april: Konsert med Michelle Ullestad og Slomosa
Ein herleg vintersesong vert avslutta med utandørskonsert under Open Klasse med sjølvaste Michelle Ullestad og det anerkjende ørkenrock-bandet Slomosa.