Topptur med Guide

Enten du er på jakt etter den beste snøen eller den mest spektakulære utsikta - vel du topptur med våre guidar er du sikker på at du får den beste skiopplevinga.

  • Vinter
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Mandag
  • Tirsdag
  • Onsdag
  • Torsdag
  • Fredag
  • Lørdag
  • Søndag
  • En dag

Med guide på tur får du mest ut av dagen. Me kjenner Vossafjella og veit kor den beste snøen ligg og kva toppar som har best utsikt. Topptur med guide passar for venegjengen, familiar og alle ulike erfaringsnivå. Me legg opp turen basert på gruppa sitt nivå og ynskjer. Ein guide vil byggja opp under god gruppedynamikk på tur, og skapa best mogleg turoppleving for alle i gruppa.


SKREDDARSY DIN DRØYMETUR

Bli med ein lokalkjent guide som skreddersyr din drøymetur.

- Rå skikøyring og dei beste linjene

- Topptur med spektakulær fjordutsikt

- Pudderjakt og skogskøyring

- Den fyrste toppturen? Me sikrar ei trygg oppleving med læring undervegs.


OMRÅDE

Fjella rundt Myrkdalen, Voss og Nærøyfjorden


GRUPPE

Prisen gjeld private grupper opp til 6 personar.


TIDSPUNKT

Oppmøte kl. 9:00 i resepsjonen på Myrkdalen Hotel - om ikkje anna er avtalt på førehand.


BEKLEDNING OG UTSTYR

På kroppen:

Ski og bindingar med gåfunksjon og feller

Støvlar med gåfunksjon

Teleskopstavar

Ullundertøy

Lange skisokkar

Fleecegenser

Lue

Hals/Buff

Vindtett yttertøy

Skredsøkar

Solbriller

Hanskar til vegen opp (tjukkelse avhengig av temperatur)


I sekken:

Spade

Søkestang

Dunjakke

Hjelm

Goggles

Hanskar til nedkøyringa (tjukkelse avhengig av temperatur)

Mat og drikke


Leige utstyr?

Myrkdalen Sport og Skiutleige har toppturpakkar til utleige


ONLINE BOOKING

Produktet er tilgjengeleg kvar dag ved booking ei veke før ankomstdato. Vil du bestilla etter dette kan du senda ein e-post til skiskule@myrkdalen.no



Phone: +4747471600