Toppturhelg 30. - 31. mars

Bli med dyktige fjellførarar på jakt etter den beste snøen i eit landskap med spektakulær utsikt over fjord og fjell. I år er det Tindeguide AS, med sine kompetente guidar, som tek deg med på toppturane siste helga i mars. 

Unike turar med fjordutsikt 
I år har du sjansen til å bli med på unike turar ved Nærøyfjorden, Sognefjoden og Hardangerfjorden.  Desse turane løftar toppturhelga opp på eit heilt nytt nivå! Det er begrensa plassar - så du bør sikra deg ein plass allereie no. 

Bli med på spektakulær rundtur gjennom verdsarven, på topptur ytst i nærøyfjorden, til Rambera ved Sognefjorden, på pudderjakt i Vossafjell eller på topptur til indrefileten i Hardanger - Oksen! 

Om Tindeguide AS
Tindeguide AS tilbyr profesjonell veiledning i tindesport og friluftsliv. Dei fokuserer på bærekraftige fjellopplevingar med læring og meistring. Dei brukar kun kompetente guidar og instruktørar. I tråd med norsk tradisjon ynskjer dei å fremja det enkle, det lokale, og det naturvenlege friluftslivet - for mektige opplevingar i ekte, norsk natur.

Utstyr
Dersom du ikkje har skredutstyr er det mogleg å leiga dette kostnadsfritt gjennom Tindeguide AS. (Begrensa antal)

Tindeguide AS har også utleige av toppturski (ski, feller og staver) for 400 kr per dag, samt komplett toppturutstyr (ski, feller, staver og støvlar) for 500 kr per dag. 

MELD DEG PÅ
Helgepass: Bestill helgepass kr 3400,- per person. Passet inkluderer topptur laurdag og sundag med kompetente guidar, samt transport. 

Turane går laurdag og sundag, men det blir lagt opp til eit møte med guidane fredag kveld som me håpar alle kan bli med på. 

Under ser du turskildringar for dei aktuelle turane under toppturhelga. Etter at du har bestilt helgepass kan du senda ein e-post til Pernille Olafsen Mustad  - [email protected] og rangèr kva turar du vil vera med på frå 1 - 3 og me vil gjera vårt beste for å sørgja for at ynskja dine vert oppfylt. 

NB! Turane kan bli endra på kort varsel grunna vèr og føre. 

TURSKILDRINGAR

1. Spektakulær rundtur gjennom Verdsarven

Topptur som har det meste, pluss litt til. Me går frå Jordalen til Skarsnosi (1470 moh.) der me får dagens første syn av vakre Nærøyfjorden. Frå Skarsnosi får me ei flott nedkøyring til Skarsvotni, der me legg på feller og fortsett turen mot dagens andre topp. Vel oppe ventar ei lang og flott nedkøyring til foten av Breiskrednosi. Her tek me ein skikkeleg lunsj om vêret tillet det, og ruslar dei siste 90 høgdemetrane til toppen av Nærøyfjorden sitt mest spektakulære utkikkspunkt, Breiskrednosi (1189 moh.). Arild Dyrdal, den einaste fastbuande i den veglause bygda Dyrdal omtalar Breiskrednosi som «hans eiga Trolltunge». Frå Breiskrednosi ventar ei lang flott nedkøyring til stølen Hjølmo. Snømengd avgjer kor langt me kjem med ski, men truleg til den fråflytta garden Drægo. Er me heldige praiar me ein traktor-taxi ned til fjorden der ferja tek oss vidare sjøvegen til Gudvangen.   

Vanskegrad: 4/5
Rute: Nåsen – Skarsnosi – Breiskrednosi – Dyrdal – Gudvangen
Høgdemeter opp: 1200
Høgdemeter ned: 1440 + 400 høgdemeter på veg til fots eller med traktor-taxi
Lengde: 18 km + 4 km grusveg
Varigheit: 8-9 timar
Køyretid ein veg: 35 min Myrkdalen-Jordalen

NB! På denne turen kjem det ein ekstrakostnad for fergje frå Dyrdal - Gudvangen evt frå Dyrdal - Undredal. Informasjon om bestilling mm får du dersom du melder deg på denne turen. 

2. Topptur ytst i Nærøyfjorden

Lite kjend klassikar-topptur med effektive høgdemeter og rå fjordutsikt. Roleg start med morgonkaffi i bilen tek oss til Skard, like ovanfor Fresvik ytst i Nærøyfjorden. Me har fjordutsikt heile dagen. Nedkøyring i nordvent himmelretning gir moglegheit for nydeleg pudder, sjølv når vårsola steikar. Spektakulær nybyrjartur, men som likevel krev god fysisk form.   

Vanskegrad: 3/5
Rute: Skard (Fresvik) Nonhaugfjellet - Skard
Høgdemeter opp: 900
Høgdemeter ned: 900
Lengde: 7 km t/r
Varigheit: 6 timar
Køyretid ein veg: 1 timem, 20 min

Påkrevd utstyr: Skredutstyr
Avreise: 07.30
Ankomst: 16.30

3. Rambera - Sognefjordens tak 

Endå ein lite brukt toppturjuvel med fjordutsikt – denne med kun 40 min køyring frå Myrkdalen Hotell. Me parkerar bilen 300 moh i Seljedalen, og startar stigninga i foten av storslåtte Rambera. På vegen passerer me den np fråflytta fjellgarden Grønsberg og ved skoggrensa rastar me ved nokre stølar. Frå 700 moh og til toppen av Rambera 1570 moh er det jamt bratt stigning, men framleis under 30 grader bratt. Avhengig av snøforhold vel me nedkøyring mot sørvest eller nordvest. Det er altså moglegheiter for ein liten rundtur. Anbefalast for dei som ynskjer mange høgdemeter og kort køyretid.   

Vanskegrad: 4/5
Rute: Vik i Sogn – Rambera – Vik i Sogn
Høgdemeter opp: 1300
Høgdemeter ned: 1300
Lengde: 8 km t/r
Varigheit: 6 timar
Køyretid ein veg: 40 min

Påkrevd utstyr: Skredutstyr
Avreise: 07.30
Ankomst: 16.30

4. Pudderjakt i Vossafjell

Pudderjakt i Vossafjell

Destinasjon ukjent. Me reiser der snøen er best. Blir me ein fjellførar og lær korleis ein tenkjer på leit etter go’snøen i Vossafjella! Her får du innsyn i «kunsten å finna god snø».     

Vanskegrad: 2/5
Rute: Avhengig av kvar turen går
Høgdemeter opp: 800-1000
Høgdemeter ned: 800-1000
Lengde: 5-10 km t/r
Varigheit: 6 timar
Køyretid ein veg: 0-40 min

Påkrevd utstyr: Skredutstyr
Avreise: 08.30
Ankomst: 16.30

5. Indrefileten i Hardanger - Oksen

Oksen

Sentralt i Hardangerfjorden, der mange fjordarmar møtest – ligg Oksen ytst på Oksenhalvøya. Oksen ligg vêrhardt til for sørvestlege lavtrykk, men er me heldige får me god snø i tillegg til storslagen utsikt ned i Granvinsfjorden, Samlafjorden, Sørfjorden, Osafjorden og Eidfjorden. Det hender at me må spenne skia på sekken opp midtpartiet av den vestvendte flanken. Dersom forholda krev det tek me også med oss isøks. 

Vanskegrad: 3/5
Rute: Tjoflot – Oksen - Tjoflot
Høgdemeter opp: 1000
Høgdemeter ned: 1000
Lengde:  7 km t/r
Varigheit: 7 timar
Køyretid ein veg: 1 time 30 min

Påkrevd utstyr: Skredutstyr
Avreise: 07.30
Ankomst: 17.00