Trening i storslalåm

Ynskjer du å bli betre teknisk i bakken, og vil ha større utteljing på fart og konsentrasjon? Då tilrår me storslalåm-trening.

  • Vinter
  • Utstyr ikkje inkludert

Enten du ynskjer å trena for å køyra aktivt og forbetra tida di, eller om du ynskjer å forbetra skiteknikken din så har me storslalåmtrening som passar for dei fleste. Nokon har allerede erfaring frå løypekøyring, andre har ikkje – alle kan læra seg å seg å køyra ei storslalåmløype og med god teknikk-trening så meistrar du det meste av underlag både i og utanfor storslalåmløypa. Så lenge forholda ligg til rette for det, vil løypa vere sett i raud løype.

Me garanterer finjustert teknikk og at du blir ein betre skikøyrar. Her brukar Skiskulen kun ISIA godkjende skilærarar som har den kunnskapen som skal til for å få deg så god som du ynskjer det.

PRIS
350 kr per person per gong. Minimum 4 påmeldte per gong. Ved færre enn 4 påmeldte tek skiskulen kontakt med deltakarane for alternative løysingar.

DATOAR
30. januar
13. februar
27. februar
13. mars

TIDSPUNKT:
Kl. 9.45 - 12.15

OPPMØTE
Møt opp ved Kari Traa/Kråni-heisen i Vetlebotn kl 9.45

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga.
I tillegg treng ein heiskort som er gyldig for perioden ein har instruksjon. Alle deltakarar er garantert å få kjøpe heiskort

ONLINE BOOKING
Trening i storslalåm kan bestillast online innan 12 timar før start.