Vinter i Myrkdalen
Hytter i Myrkdalen

Utleige av fritidseigedom i Myrkdalen Fjellandsby

Drøymer du om å eiga fritidsbustad i Myrkdalen og leiga ut eininga i periodane du ikkje er i dalen? Eller har du lyst til å investera og ha leilegheita tilgjengeleg for 100 % utleige?

Hjå oss er moglegheitene mange og utleigemarknaden er god.  

Stor etterspurnad
Hovudmålgruppa vår er familiar, og me har stor etterspurnad etter bustader for korttidsopphald både sommar og vinter. I helger og feriar i vinterhalvåret har me det største behovet for auka kapasitet og dei siste åra har me hatt ein auke i den internasjonale marknaden for midtvekeopphald på vinterstid. 

Også i sommarhalvåret er utleigeeiningane i Myrkdalen Fjellandsby ettertrakta, særleg i juli og august. Om sommaren har me i hovudsak turoperatørtrafikk - pris er difor i denne perioden ein god del lågare enn vinteren, men til gjengjeld er det høgare beleggsprosent. Totalsett er belegget høgt gjennom heile året i Myrkdalen – med høgast rompris i helger og feriar i vinterhalvåret. 

All utleige i Myrkdalen Fjellandsby vert administrert av Myrkdalen Hotel, noko som gjev eit problemfritt utleigeforhold for deg som eigar. Via Myrkdalen Hotel er du sikra eit profesjonelt sals- og marknadsapparat, handtering av inn- og utsjekk og reingjering. Som eigar treng du ikkje tenkja på noko – me tek oss av alt av kontraktar, betaling og andre utfordringar som måtte oppstå. Du mottek avrekning frå oss ein gong i månaden og det skal vera enkelt og trygt å leiga ut via oss.

I Myrkdalen Fjellandsby opererer me med to ulike modellar for utleige og desse vert skildra under. 

Utleige i Kamben, Torggarden og framtidige sentrumsbygg
- einingane er bookbare som hotellrom 

 
Utleigemodellen for desse bygga er basert på at alle utleigeeiningar inngår i ein felles pool. Dei samla inntektene for utleige i bygget vert fordelt på eigarane, ihht. tilgjengelege romdøgn for den enkelte eininga. Myrkdalen Hotel AS har ansvaret for å fordela belegget på dei tilgjengelege einingane, for å sikra mest mogeleg lik behandling av eigarane. 

Modellen er basert på at einingane i Kamben vert bookbare som hotellrom. Det er difor krav om at leilegheitene vert innreidd med standard møbelpakke, tilgjengeleg for kjøp via Myrkdalen Fjellandsby AS. I denne modellen får eigar utbetalt 60 % av netto utleigepris (ekskl. mva, eventuell agentprovisjon og frukost eller anna pensjonsmat som inngår i opphaldet) Det er forventa at denne modellen vil gje det største inntektspotensialet, då romprisane er høgare når eininga blir leigd ut som hotellrom.

Utleige av leilegheit eller hytte (alle einingar utanom sentrumsbygga)
- einingane er bookbare som sjølvhushald 

Når einingane er bookbare som sjølvhushald står eigar meir fritt til å setja sitt personlege preg på hytta eller leilegheita og Myrkdalen Fjellandsby AS stiller ingen krav om møblar eller interiør, men eit minimumskrav for utstyr blir stilt til utleigarane. Sjølvhushaldeiningane blir prissett og kategorisert ut i frå antal soverom/sengeplassar og eigar får utbetalt det faktiske antalet døgn fritidsbustaden er leigd ut. I denne modellen får eigar utbetalt 60 % av netto utleigepris (ekskl. mva og eventuell agentprovisjon). 

Fritidsbustader med spanande aktivitetar rett utanfor døra heile året er ei god investering. 

Kontakt
Send e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no dersom du har spørsmål kring dette eller ynskjer å melda inn eininga di til utleige via Myrkdalen Hotel