Myrkdalen Fjellandsby utvidar med fleir alpinbakkar

Utvidar med fleire alpinbakkar - tre nye skitrekk under planlegging

I Myrkdalen fell det meir snø enn nesten nokon anna stad i Europa – og midt i dette pudderparadiset utvidar det familievenlege skisenteret løypenettet sitt.

Totalt tre nye skitrekk er planlagt i samband med det nye hyttefeltet i Mørkveslia. Skisenteret har i dag 22 varierte løyper og ni heisar, og har alt frå familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar til herleg off-piste terreng. Med nye heisar i nytt område vil det totalt bli opp mot 30 løyper i alpinlegget.

Kontakt oss gjerne: Meld di interesse for hytter og tomter i dag! Mørkveslia

Lett å la bilen stå

Pudderkøyring over Myrkdalsvatnet
Pudderkøyring med Mørkveslia og Myrkdalsvatnet i bakgrunnen. 

Dermed blir kapasiteten mykje større. Dessutan vil det bli enkelt å la bilen stå under heile opphaldet i skibygda. To av dei tre nye t-krokheisane vil ligge slik til at dei dreg deg opp i passe høgde sånn at du kan skli ned til stolheisen, Storhaugekspressen, som er knytt til resten av alpinanlegget i Myrkdalen.

Destinasjonen er allereie ein ynda plass for skientusiastar, frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder. No vert mogelegheitene endå fleire. Myrkdalen er også det perfekte utganspunktet for endelause vandreturar på høgfjellet samt langrenn i oppkøyrde løyper.

Les meir: Stor sommarsatsing i Myrkdalen Stor sommersatsing i Myrkdalen Fjellandsby

Nye moglegheiter for topptur

Topptur i Myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

Når det tredje skitrekket er på plass, gir det tilgang til brattare terreng og nye mogelegheiter for toppturar på snødekte fjell. Målet er at utbygging av heisar skal skje parallelt med etablering av nytt hyttefelt – dermed kan ein allereie vintersesongen 2022 boltre seg i nye løyper. Med andre ord blir det enda større boltreplass for både alpint, snowboard, aking, langrenn, trugetur og topptur i Myrkdalen. På lengre sikt er det òg planlagt at ein stolheis skal erstatte to av t-krokheisane i området.

Les meir: Sjå prospekt her Prospekt - Mørkveslia