Utvikling i Myrkdalen

Hjå oss skjer utbygging av skianlegg og fritidsbustader parallelt med tilrettelegging av nye heilårsaktivitetar. Framover skal det skje store ting hjå oss!

Nytt snøproduksjonsanlegg, skibru frå Helgatun til Årmotslia, servering i Vetlebotn og i Kamben, byggjestart i Klypeteigen og buss frå Myrkdalen til Flåm.

Nytt snøproduksjonsanlegg

Etter ein utfordrande situasjon med lite snø i år er me svært glade for at me skal i gang med utbygging av snøproduksjonsanlegg i løype 1 og 6, Barneområdet og Landsbytrekket. Anlegget skal stå klart før november.

Skibru frå Helgatun til Årmotslia

Me har starta gravinga til byggjing av skibru frå Helgatun til Årmotslia. Brua skal stå klar i desember. Dette er ei skikkeleg gladsak for langrennsfolket!

Servering i Vetlebotn

Endeleg! Me går i gang med bygging av ein ny serveringsstad i Vetlebotn. Bygget vil ligga til høgre for til Kari Traa-trekket og vil ha ute- og inneservering. Dette blir eit attraktivt lokale for ski- og vandregjester – og ein ypparleg plass for private lag. All grunn og betongarbeid er ferdigstilt og tømmerarbeidet blir sett i gang så snart snøen forsvinn våren 2020. 

Servering i Kamben

I spissen på Kamben, i delen som vender mot Myrkdalsstovo, vil det koma ein serveringsplass på ca. 150 m2. Me jobbar i desse dagar med konseptet og gler oss til å opna ein ny plass i oktober!

Byggestart hus 4 og 5 i Klypeteigen

Me er godt i gang med byggjinga av dei siste to bygga i Klypeteigen. Alle leilegheitene vil vera innflyttingsklare til jula 2019.

Buss Myrkdalen – Flåm 

Frå 1. desember vil det gå buss mellom Myrkdalen og Flåm kvar dag. Dette er eit viktig tiltak for å gjera det enkelt å forflytta seg mellom fjord og fjell. Me gler oss spesielt til å lansera dette til våre internasjonale gjester!