Langrenn i Myrkdalen

Utviklingsplanane for nytt hyttefelt i Myrkdalen

For 18 år sidan vart første spadetak for 20 hytter og eit skitrekk tatt i Myrkdalen. Det var starten på alpineventyret i den vetle fjellbygda – no er ein klar for nye spadetak og utvikling av eit heilt nytt hyttefelt!

Hytter og tomter til sals i Myrkdalen
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

No drøymer rekordmange nordmenn om hytte på fjellet. Me vil ha god standard, kunne køyre heilt fram til hyttedøra og ha fin utsikt - gjerne mot eit vatn og snødekte fjelltoppar. Me vil kjenne på fridomen hyttelivet gjev oss, dele opplevinga med vener og familie, oppsøkje naturopplevingar i all slags vær og stengje kvardagen ute. Myrkdalen leverer på alle desse punkta – og no kan det bli din tur til å la draumen gå i oppfylling.

Kontakt oss gjerne: Meld di interesse for hytter og tomter i dag! Mørkveslia

Det nye hyttefelt ligg i området sør-vest for den etablerte og populære fjellandsbyen. I Mørkveslia og Skjervheimslia er det planar om å selje både tomter til hyttebygging, nøkkelferdige hytter og leilegheiter. Utbygginga skal gje fleire mogelegheit til å oppfylle hyttedraumen på fjellet. I tillegg til nye hytter skal heisar setjast opp og nye løyper byggast.

Hyttedraumen inneber god standard, veg heilt fram til hyttedøra og fin utsikt - gjerne mot eit vatn og snødekte fjelltoppar. Myrkdalen leverer på alle desse punkta

Større enn Geilo og Kvitfjell

Familievennlige Myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

I dag er Myrkdalen først og fremst ein skidestinasjon – og den mest snørike staden i Noreg, saman med Røldal.

Med utviklinga av nye fritidsbustader, skiheisar og løypenettverk som no står for tur, reknar ein med å klatre nærare pallplassering kva storleik på skianlegg gjeld, og målet er dermed å bli større enn Geilo og Kvitfjell.
– Visjonen er å bli ein av Norden sine beste heilårs familie- og fjelldestinasjonar, fortel eigedomsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby, Nils Akselberg .
Myrkdalen, som er kåra til ein av dei beste skistadane i landet, byr på minst like vill og vakker vestlandsnatur om sommaren og hausten. Med tursko på beina kan du også velje deg opplevingar frå øvste hylle – enten du tar stolheisen til topps for ein fjelltur i fantastisk terreng, rullar på to hjul over Vikafjellet og på tilrettelagte sykkelstiar i Myrkdalen eller flyt gjennom Nærøyfjorden sitjande i kajakk. Destinasjonen har eit variert aktivitetstilbod sommar som vinter for born, unge og vaksne.

Les meir: Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby

Utbygging i dalen

Utbygging i dalen
Foto: Jon Hunnålvatn Tøn

Utbygginga som er planlagt i Mørkve og Skjervheimsområdet skal skje over fleire år, og startar med sal av 16 tomter til hyttebygging og 16 nøkkelferdige hytter frå Leve Hytter. Hyttene er utvikla i samarbeid med Noreg sine fremste arkitektar, er tidlaus og skal byggast for å vare i generasjonar.
Til no har Myrkdalen Fjellandsby bygd heisar, infrastruktur, fritidsbustadar og hotell for tre milliardar kroner. Noko eig dei sjølv, det meste er seld.
– Når me er ferdig, mot 2050, vil det totalt vera rundt 15 000 senger her. Dette er allereie godkjent i kommunedelplanen, som har eit potensial på 3400 fritidsbustadar. Av dei skal me bygge over 3200, fortel Akselberg.

Myrkdalen er eit eksempel på god utvikling av ein høgfjellsdestinasjon, med hotell, restaurantar, sportsbutikk og ulike fasilitetar.

Størst på reiseliv

Nærøyfjorden
Foto: Sverre F. Hjørnevik

I april 2020 slo Aurland Ressursutvikling og Myrkdalen Fjellandsby seg saman. Det fusjonerte selskapet vart med det ein av dei største reiselivsaktørar i Noreg. Samanslåinga er ein perfekt kombinasjon som det er jobba med over lengre tid. Flåm er eit av verdas mest populære reisemål, med Flåmsbana og vakre Nærøyfjorden som hovudattraksjonar, og flest besøkande i sommarsesongen. Myrkdalen er ein populær vinterdestinasjon, med ein klar utviklingsstrategi innanfor det aktive heilårssegmentet.

Framover kan me med dette tilby ein uslåeleg kombinasjon av ski, fjell og fjord i noko av det mest fantastiske landskapet Fjord Noreg har å tilby. Ambisjonane er store og med dette brøyter me veg for ei spanande tid med fokus på heilårsutvikling.

Selskapa vil komplimentere kvarandre på ein unik måte. Dette vil gjere oss i stand til å satse endå sterkare på framtida.

Les meir: Sjå prospekt her Prospekt - Mørkveslia