Vaktmeistertenster

Små og store

Vaktmeistertenester

Eigedomsavdelinga i Myrkdalen Fjellandsby tilbyr ulike vaktmeistertenester som til dømes stell av torvtak og uteområde, fasadevask og reparasjonar. Me har god kapasitet og kan ta oppdrag på kort varsel!

Torvtak

Vedlikehald av torvtak

Alle torvtak treng vedlikehald med gjødsling, kalking, klipping og raking.

Me tilbyr både vedlikehald av torvtak og grasklipping rundt hytta di.

Måling og flikking av hytter

Måling og flikking

Me tilbyr måling og flikking av bygningar og terrassar, samt spyling og reingjering av uteareal.

 

 

Vindusvask - Vaktmeistertenester

Utvendig vindusvask

Når årstida skiftar er det lett å sjå væravtrykka på vindaugene.

Lat oss gjera arbeidet med å reingjera vindauga på fritidsbustaden din.

Fasadevask

Fasadevask

Me anbefalar fasadevask ein gong i året – og alltid før du skal måle huset. Hugs at det er mykje rimelegare å vaske enn å måle: Ei målt hytte kan stå i over ti år dersom ein vaskar det jamnleg. 

Transport

Transporttenester

Treng du hjelp til å køyra vekk til dømes hageavfall, søppel og andre volumobjekt? Me tilbyr små og store transporttenester. 

 

Kontakt person for ulike tenester

Kontaktperson for tenester

Me bistår gjerne som kontaktperson i samband med t.d feiiing, ved innlåsing av handtverkar og liknande.

 

Service og kvalitet

Kontakt oss gjerne

Nyt tida i Myrkdalen til gode opplevingar med vener og familien og lat oss ta oss av vedlikehaldsarbeidet.
Ta gjerne kontakt med oss på tlf 48 94 64 60 eller send e-post til vaktmester@myrkdalen.no for eit uforpliktande tilbod!