Vinterferieprogram

Ta med heile familien til fjells! Vinterferie i Myrkdalen betyr avkobling, herlege dagar i skibakken og eit mangfald av aktivitetar.

Arrangement 12. februar - 4. mars

Myrkdalen Barnefestival med Mikkel og Mikkeline 23. - 25. februar
Me inviterar for tredje gong til storslått barnefestival med Mikkel og Mikkeline! Dette blir ei drøymehelg full av opplevingar for dei minste. Mikkel og Mikkeline elskar å stå på ski i Myrkdalen og dei kjem til å vera her heile helga! Karneval, barnedisco, førestilling med Absence Crew, skileik, barneskirenn, pølsefest og mykje meir står på programmet. Online bestillinga er no stengt, men det er framleis ledige billettar. Kjøp i sekreteriatet ved resepsjoen på Myrkdalen Hotel.

Kjempetilbod på skiundervisning for born 24. og 25. februar
No kan du melda borna dine på nybyrjar alpint, lett øva alpint og alpint vidarekomne for alderstrinna 4 - 6 år eller 7 - 9 år. NB - Alpint vidarekomne er kun for 7-9 år. Online bookinga er no stengt, men det er framleis mobleg å bestilla plassar i sekreteriatet ved resepsjonen på Myrkdalen Hotel

Danseshow med Absence Crew 24. februar
Me gjentek suksessen under Myrkdalen Barnefestival med imponerande danseshow i trakkemaskingarasjen kl. 19.00! Showet er anbefalt for born over 4 år. Det går ann å kjøpa billett kun til danseshow. Online bestillinga er no stengt, men det er framleis ledige billettar. Kjøp i sekreteriatet ved resepsjonen på Myrkdalen Hotel.

Konsert med Jan Eggum 24. februar
KONSERTEN MED JAN EGGUM ER NO UTSELD

Møt eigedomsavdelinga 
Me sel leilegheiter som aldri før i Myrkdalen! Er du nysgjerrig og vil vita meir om prosjekta våre samt planane våre for framtida? Fleire datoar i vinterferievekene kan du møta eigedomsavdelinga - både på dagtid og kveldstid. Velkomne! 

VilVite på hjul 22. februar / 1. mars
Nytt i vinter! VilVite senteret frå Bergen kjem til Myrkdalen Hotel med show og utstilling med spanande eksperiment. Showet 15. februar er på engelsk.

Bruvik - Designklokker i særklasse 24. februar
Kl 14.00 - 18.00: Utstilling og sal av Bruvik-modellar. 20 % rabatt på alle klokker.
Kl. 16.30: Presentasjon «Mot alle odds». Noregs einaste klokkedesignar, Rune Bruvik, valde å fylja barndomsdraumen. 

Teen skredkurs 26. februar / 1. mars
Dette kurset er retta mot tenåringar som likar å køyra utanfor løypene.

Skredkurs 2. - 3. mars
God innføring i skredlære og skikøyring i bratt terreng / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38

Konsert 5+ Cornelis 3. mars
5+ Cornelis består av fem drevne musikarar frå Drøbak som framfører låtar av den folkekjære artisten Cornelis Vreeswijk.

Moro med Mikkel og Mikkeline 3. mars
Mikkel og Mikkeline er med på barnerenn kl. 11.30 og har show på Myrkdalen Hotel kl. 15.00. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Helly Hansen Swap your Baselayer 3. mars
Laurdag 3. mars kjem Helly Hansen og har swap your Baselayer ved hotellet Dette er eit genialt konsept; ta med deg ei gamal ulltrøye  - uavhengig av merke, storleik og kvalitet - byt den inn og få ei splitter ny ulltrøye igjen! Det kostar ingenting.

Aktivitetar 12. februar - 4. mars

ALLE DAGAR

Skiskule gruppeundervisning
Kl. 09.30 / 100 eller 200 minutt undervisning / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38

Jibbecamp
Kl. 11.30 - 13.30 / For ungdom / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38

Gratis barneskirenn
Kl 11.30 / For heile familien / Gratis / Påmelding ved Mikkel & Mikkeline trekket i Badnabakken frå kl. 11.00

Aketur frå toppen av Myrkdalsekspressen
Kl 15.45 / For heile familien / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38

Reveklubben
Kl 16.00 - 17.30 / For småbarnsfamiliar / Gratis / Myrkdalen Hotel (kvar dag utanom 22. - 25. februar).

FERIEDAGAR

Onsdag - laurdag: Kveldskøyring
Kl 17.00 - 20.00 / Onsdag - laurdag (i veke 9 også måndag og tysdag) / Landsbytrekket & Badnabakken

Kanefart: 14. februar / 15. februar/ 20. februar / 26. februar
Kl. 18.00 - 20.00 / Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet i Myrkdalen. Turar på 20 minutt

Onsdag: Pudder og Plask
Kl 15.40 - 18.00 / Avslutt skidagen med ein herleg dukkert i det nye Vossabadet på Voss. Skibuss frå Myrkdalen kl. 15.40. Retur frå Vossabadet kl. 18.00.

Torsdag:VilVite på hjul
Nytt i vinter! VilVite senteret frå Bergen kjem til Myrkdalen Hotel med show og utstilling med spanande ekperiment. Showet 15. februar er på engelsk.

Torsdag - laurdag: Gratis parallellrenn
Kl. 14.00 / Konkurrer med vener og familie i ei spanande løype i Landsbybakken / Påmelding ved heisbua til Landsbytrekket.

Fredag: Park-kveld med Klaus Finne
Kl. 17.00 / Få tips av Voss sin eigen freeski konge i Landsbybakken.

Laurdag: Vekas topptur
Kl. 10.00 / Me finn den beste toppen i Myrkdalen utifrå vèr og føre / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38.

Sundag: Trening storslalåm
Kl 10.00 - 13.00 / Vaksne / Påmelding til skiskulen: 56 53 10 38

Tabata Gruppetime: 24. februar - 3. mars
Sprek og Blid har trening i dei gamle lokala til skiutleiga (brakka ved Myrkdalsstovo) kvar dag kl. 17.00 frå 24. februar - 3. mars. Meld deg på i lenkja over.

Massasje: 14. februar / 21. februar / 3. mars
Avslutt ein herleg skidag med ein avslappande massasje! Desse tre dagane tilbyr Lisa Wortman eit mangfald av behandlingar på Myrkdalen Hotel. Bestilling / meir info på e-post: [email protected] / Tlf: 98 54 27 94

Tesla Prøvekøyring
Opplev godfølelsen i ein Model X og Model S på Myrkdalen Hotel! Heile veke 9 kan du prøvekøyra Tesla modellar med den høgaste og mest avanserte teknologien på marknaden.

PÅ BESTILLING

Snøholetur
I vinterferien kan du bu ei natt i snøhole i Myrkdalen saman med ein guide frå Wild Voss. Ei oppleving utanom det vanlege! 
 

Kanefart

Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet.

Bestill her

VilVite på Hjul

VilVite Senteret frå Bergen kjem til Myrkdalen Hotel i februar og mars med show og utstillinga «VilVite På Hjul»! Gratis for alle

Les meir

Feriepakke - overnatting og heiskort

Denne pakka inkluderer overnatting på Myrkdalen Hotel, heiskort og frukost. Gjeld veke 7 - 9 og i påskeferien. 

 

Pris fra NOK 1175,-
Les meir og bestill