Vårskikøyring i snøsikre Myrkdalen
Når påsken er over tenkjer mange at dette også er slutten på skisesongen, men det er jo no den magiske vårskikøyringa byrjar – og den må berre opplevast!
Bestill overnatting på Myrkdalen Hotel
Tida mellom vinter og vår, med kalde netter og varmare dagar, skapar nemleg ideelle forhold på fjellet.
Her er definitivt ikkje mangel på snø og løypene er strøkne. Ta med gjengen din og nyt lange og lyse dagar med herleg skikøyring i bakken, deilig slushføre og fantastiske toppturar i Myrkdalen.
Toppturar på fjellski og randonee
Ynskjer du å gå ein kortare topptur på fjellski eller randonee er det ingen problem å byrja turen med skiheisen. Frå toppen av Kari Traa-trekket er det berre ein liten time opp til Finnbunuten (1358 moh) med fantastisk utsikt over Myrkdalen, Stølsheimen og Hurrungane.
På veg ned att kan du ta turen innom Vetlebotn Fjellstove, kaféen like ved Kari Traa trekket, og få servert tradisjonsrik mat i koselege omgjevnadar, medan du nyt utsikta av kvitkledde vidder og glitrande snø.

For lengre skiturar er Vikafjellet å anbefala, enten du vil opp på eit fjell med fjordutsikt eller gå på pulktur innover slakt og småkupert terreng. Her er tips til tre flotte fjellskiturar på Vikafjellet.
Langrennstur i flotte løyper
Tek du langrennskia fatt byr Myrkdalen på fleire fine turar. Spenn på deg skia rett utanfor Myrkdalen Hotel og gå over skibrua mot Årmotslia der 30 km med flotte langrennsløyper ventar på deg.
Her kan du forsetja vidare frå støl til støl langs løypa, eller ta av til Svolefjellet eller Larsfonnberget for panoramautsikt.
Det er altså ingen grunn til å pakka vekk skia sjølv om påsken er over. Velkomen til magisk vårskikøyring i Myrkdalen!