Vekeprogram

I heile vintersesongen har me eit variert vekeprogram for alle aldrar!

Skiundervisning: kvar dag frå kl. 09.30
Er du heilt fersk på ski, eller vil finjustera teknikken? Bestill privat- eller gruppeundervisning og få endå betre dagar på ski. 

Aketur: kvar dag frå kl. 15.15
Me tek siste turen opp med Myrkdalsekspressen og køyrer snowracer ned igjen til hotellet.

Kveldskøyring: fredag og laurdag til kl. 20.00
Frå 14. desember - 6. april har me kveldskøyring i Landsbybakken og Badnabakken.

Gratis barnerenn: laurdag og sundag kl. 12.00
Slalåmrenn for heile familien i Badnabakken.  Påmelding frå kl. 11.30. Deltakarane køyrer med startnummer og får premie. Frå 15. desember 2018.

Skikurs for born: laurdag og sundag kl. 09.30
I vinter tilbyr me skikurs for born! 1,5 time per dag. Kursa går over 4 helger. Oppstart kvar laurdag.

Carvingkurs for damer: kvar laurdag kl. 09.30
3 timars undervisning eksklusivt for damer.

Trening i storslalåm: laurdag kl. 10.00 - 13.00
Passar alle som vil forbetra skiferdigheitene sine. Garantert utbyte, uansett nivå.

Vekas topptur: laurdag kl. 10.00
Me jaktar etter den beste laussnøen.

JibbeCamp for ungdom: sundag kl. 11.30 - 13.30
Få tips og lær nye triks i parken. Alder 10 - 15 år.