Vinterferie i Myrkdalen

Ta med heile familien til fjells! Vinterferie i Myrkdalen betyr avkobling, herlege dagar i skibakken og eit mangfald av aktivitetar.

OVERNATTING PÅ MYRKDALEN HOTEL

Overnatting, frukost og heiskort:
Pris frå kr 1305,- per person 

Overnatting, frukost og 3-rettars middag:
Pris frå kr 1300,- per person

OVERNATTING I HYTTER OG LEILEGHEITER
Me har ledige einingar i veke 7, 8 og 10. Les meir her! 

VINTERFERIEPROGRAM 11. FEBRUAR - 10. MARS
Me har eit innhaldsrikt program for alle aldrar i veke 7 -10!

Gruppe- og privatundervisning - kvar dag
Skiskulen tilbyr gruppe- og privatundervisning kvar dag i vinterferien. 
Bestill undervisning her

Barnepass - kvar dag
Myrkdalen Skiskule tilbyr barnepass på dagtid slik at mor og far kan boltra seg litt på eigenhand! 

Gratis barneskirenn - kvar dag
Kvar dag inviterer me alle born til gratis barneskirenn i Badnabakken kl 12.00. Alle deltakarar køyrer med startnummer og får premie! 

Reveklubben - kvar dag
Reveklubben er eit gratis tilbod for alle barnefamiliar frå klokka 16.00 - 17.30. Her er me kreative og lagar ting, me klipper og limer, teikner, målar m.m.

Kveldskøyring - kvar dag
Me tilbyr kveldskøyring i Badnabakken (Mikkeltrekket) og Landsbytrekket kl 16.00 - 20.00. 

Aketur - kvar dag
Kvar dag kan du bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. Me tek siste heisen opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned til Myrkdalen Hotel. 

JibbeCamp for born 10 til 15 år - kvar dag
Bli med ein jibbar, lær nye triks og korleis du kan bruka parken på ein god måte! 

Uteaktivitetar og bålkos - måndagar
Bli med oss på enkle uteaktivitetar og bålkos ved gapahuken. Varm drikke blir servert.

Kanefart - tysdagar (i veke 8 - måndag 18. februar)
Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet. Du blir henta med hest og slede foran Myrkdalen Hotel og turen tek ca 20 minutt. 

Flyging i vindtunnelen - onsdagar
Fly som supermann hjå Voss Vind! Denne pakka inkluderer flyging i vindtunnelen på Voss og transport Myrkdalen Hotel - Voss Vind tur/retur

Opplev fjorden med båt og tog - onsdagar
Opplev fjorden med stupbratte fjell og vakker vinterstemning når få andre gjer det! Pakka inkluderer transport tur/retur Myrkdalen, fjordcruise på Nærøyfjorden og den verdskjende Flåmsbana.

Pudder og Plask - torsdagar
Avslutt skidagen med ein herleg dukkert i det nye Vossabadet. Denne pakka inneheld buss tur/retur Myrkdalen og inngang i Vossabadet.

Parallell slalåm konkurranse - torsdag - laurdag
Konkurrer mot vener og familie i denne kjekke konkurransen i Landsbybakken. Gratis å delta! 

Park-kveld med Klaus Finne - fredagar
Klaus Finne kjem og køyrer saman med alle i Landsbyparken. Han er tilstades frå kl 17.00 - 20.00

Trugetur - fredagar
Høyr snøen knitra under trugene og kjenn på roser i kjakane når me går på kveldstur med truger. 

Vekas topptur - laurdagar
Bli med Skiskulen på topptur i Myrkdalen. Guidane er lokalkjende og veit kor den beste snøen ligg til einkvar tid og tek deg difor med på flotte turar ut i frå vèr og føre.

Trening i storslalåm - laurdagar
Ynskjer du å bli betre teknisk i bakken, og vil ha større utteljing på fart og konsentrasjon? Då tilrår me storslalåm-trening med videoanalyse.

Carvingkurs for damer - laurdagar
Dette kurset er for alle som har lyst til å setja seg eit mål i løpet av vinteren, og jobba for å nå dette målet. Dette er eit tretimars kurs der du får konkrete arbeidsoppgåver du kan arbeida vidare med på eiga hand.

Skikurs for born - laurdag og sundag
Born på ski skal vera glade og trygge, og det er godt for foreldra å vite at borna har den kunnskapen som skal til slik at heile familien kan ha det kjekt på ski i lag. Bli med på lærerike skikurs med skiskulen!

Klikk deg inn på dei oransje lenkjene for å få meir informasjon om bestilling, prisar, tider mm. 

MASSASJE
Avslutt ein herleg skidag med avslappande massasje! 21., 22. og 28. februar og 1. mars tilbyr Marta Sein Opkvitne eit mangfald av behandlingar på Myrkdalen Hotel. Les meir og bestill her

AFTERSKI
Veke 7: Afterski torsdag - laurdag kl 15.00 - 20.00
Nattklubb fredag og laurdag kl 21.30 - 01.30
Veke 8 - 10: Afterski tirsdag - laurdag kl 15.00 - 20.00
Nattklubb veke 8 og 10: fredag og laurdag kl 21.30 - 01.30
Nattklubb veke 9: tirsdag - laurdag kl 21.30 - 01.30

Danseshow - Bach goes hiphop 9. mars

Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til danseshow i trakkemaskingarasjen under Myrkdalen Barnefestival. I år vil me oppleva at musikken frå den kjende komponisten Johan Sebastian Bach beveger seg inn i ei verd full av hiphop!

Les meir

Ole Paus 9. mars

Me inviterer til ein varm og satirisk visekveld med Ole Paus i trakkemaskingarasjen 9. mars

Pris fra NOK 400,-
Bestill her

Kanefart

Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet.

Bestill her