Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Yogahelg på Myrkdalen Hotel

Den populære yogahelga i Myrkdalen er tilbake 18.-20. november. Bli med på ei reise inn i yogaens verd og nyt ei stressfri helg til fjells med sunne, smakfulle måltider, yoga og avspenning. Alle nivå er velkomne!

Bestill Yogahelg inkludert overnatting på Myrkdalen Hotel

Bestill Yogahelg utan overnatting

 

Karina Eline Kibsgård og Helle Karlsdottir er dei to dyktige instruktørane som vil leia dykk gjennom seansane.

Jivamukti Yoga er ein vinyasa yogametode som blir praktisert til energigivande musikk. Klassane er spirituelle, oppløftande og fysisk utfordrande. Det blir lagt vekt på fysiske yogastillingar/asana praktisert i samanhengande flyt med ei leiken tilnærming. Samstundes er chanting og yoga-filosofi viktige element for å koma inn i kjernen av yogapraksisen.

 

Yogahelg på Myrkdalen Hotel

 

FREDAG 18. NOVEMBER

Kl. 18:00 - 20:00 -  Jivamukti + Roleg Yoga med Karina og Helle
Me startar helga med ein kombinasjon av Jivamukti Yoga - en fysisk utfordrende og leken vinyasa praksis med musikk, chanting og litt yogafilosofi, og Rolig Yoga - veldig rolig yoga for avspenning av kroppen og nedstressing.

Kl. 20:30 - Middag

 

LAURDAG 19. NOVEMBER

Kl. 09:00 - 11:30 - Jivamukti Yoga Open Class med Karina
Ein typisk Jivamukti Yoga klasse som inkluderer klassisk yogafilosofi (inspirert av ‘focus of the month’) med chanting, fokus på pust, flytande vinyasa-sekvensar, avspenning og meditasjon. Ope for personleg tilpassing og modifikasjonar til forskjellige nivå.

Kl. 12:00 - Lunsj

Kl. 14:00 - 16:30 - Tilstedevere workshop med Helle 
Ein workshop med verktøy for å vera tilstades i sjølve livet - asana, pranayama, meditasjon, skriving og mindfulness. Viss vêret tillet det, vil litt av denne workshopen føregå ute.

Kl. 18:00 - Middag

Kl. 20:00 - 21:00 - Mantra og Meditasjon med Helle og Karina
Lyd og musikk er rørande. Me gjev ein introduksjon til mantra, chanting og lydpraksis frå både eit rituelt og vitskapeleg perspektiv. Kva er mantrasong og korleis vibrasjonar av lyd rører ved oss, både i hjarte og sinn.

SØNDAG 20. NOVEMBER

Kl. 09:00 - 11:00 - Jivamukti Open Class med Karina
Full pakke - chanting, filosofi, fysisk vinyasa praksis og meditasjon.

Kl. 11:30: Lunsj

Kl. 13:00 - 15:00 - Restitusjon workshop med Helle
Avslutningsvis skal me finna roa og la kroppen og sinnet ta innover seg alt det har lært og opplevd i løpet av helga. Yogisk søvn - dykk djupt inn i din indre verd samtidig som kroppen slappar av, grundig guida av Helle.

Yogahelg - Helle
 

Bestill Yogahelg inkludert overnatting på Myrkdalen Hotel

Bestill Yogahelg utan overnatting